header




Sunday 29.01.12 - Lunsjdate

Laurdagslunsjen vart kombinert med ein lunsjdate på Solsiden. Vi bestemte oss for å ete på Bær & bar. Henrik valde pizza, eg gjekk for calzone med skinke, ost og sopp. Mmm! Takk for mat Henrik!

Photobucket

Photobucket

Photobucket




Friday 27.01.12 - Trykk

I dag har vi hatt ein litt annleis dag på jobb utan elevar. Halve dagen gjekk med til utarbeiding av lokal læreplan i naturfag. Etter klokka 12 fekk vi besøk av kunstnaren Octavio som skulle lære oss teknikkar innen trykking.

Photobucket

Før vi fekk prøve oss fram fortelde Octavio litt om alle teknikkane og laga nokre prøvetrykk for å vise oss kor enkelt det kan gjerast.

Photobucket

Photobucket

Dyptrykk
Photobucket

Høytrykk
Photobucket

Photobucket

Så var det vår tur, og når ein liten flokk lærarar får leike med plastfilm, sakser, papir, ruller og trykksverte, då blir det mykje rot. Kunstnarvenen vår passa heldigvis på å rydde på arbeidsbordet medan vi arbeidde.

Photobucket

Press i veg!
Photobucket

Her er mine bilder
Photobucket

Photobucket

PS! Du har vel ikkje tilfeldigvis trykksverterestar på jobb, Svigermor?




Thursday 26.01.12 - Vårstemning

For eit par veker sidan kjøpte eg meg eit par krukker med løkar. Eg lengta slik etter våren at eg måtte berre ha dei. Det vart ei krukke med kvite krokusar og ei med blå klokker i ein nydeleg lillablå farge. No har dei sprotte ut og laga litt vårstemning i heimen vår.

Photobucket

Photobucket






  • Onkel Inge er 59 år om 1 dag
  • Brage er 3 år om 11 dager
  • Pappa er 57 år om 38 dager
  • Lillebror er 22 år om 55 dager
  • Anna K. er 31 år om 58 dager
  • Maria er 27 år om 68 dager
  • Hannah er 28 år om 113 dager
  • Storebror er 31 år om 139 dager
  • Svigermor er 57 år om 146 dager