Trass i ein særs tidleg start i dag, har eg heldt ut med sightseeing og gatevandring på til saman 1,5 mil. Eg har hatt ein fantastisk dag i mitt eige selskap. Både kameraet mitt og gpsen har fått køyrt seg. Bli med på tur i Københavns gater!
Klokka 4 i natt var eg ekstremt trøytt, men veldig klar til avgang

På gjensyn kalde Trondheim!

Hallo København!


Det første eg gjorde etter ankomst var å finne Starbucks, mmM!

Eg fekk både kjøpt billett til toget OG funne rett plattform

Ein togtur og ein taxitur seinare var eg framme på hotellet. Eg sjekka inn og tok verdas minste heis opp til rommet mitt. Med tanke på prisen hadde eg sett for meg ein mykje høgare standard (og bedre utsikt), men… her er reint, eg har dusj med varmt vatn og ei deileg seng – Så, eg klagar ikkje.
Sjekk den lille heisa!

Rommet mitt

Utsikta frå hotellrommet

Københavnkoppen eg kjøpte på Starbucks,
i same serien som canadakoppen min

Etter å ha lempa inn bagasjen bar det ut på oppdagingsferd

Kafé og bokhandel i eitt, fantastisk

Dagmar herja i Køben også…

Dagens lunsj, pastasalat med kylling

Eg oppdaga artige, fine og imponerande detaljar på min veg



Fine fasadar og tårn med spir er å sjå overalt


I slik strevsam vandring må ein passe på å stoppe opp og ta ein kaffi og planlegge neste mål

Og i nesten alle gater er det små kvardagsgleder å forevige


Eg besøkte Rundetårn for å sjå på utsikta over byen



Eg har ikkje vore her før, men då eg gjekk oppover tårnet fekk eg skikkeleg déjà vu

Imponerande arbeid!



Eg trudde dette var siste trappa, men…

…det var ei til, ei smal ei!

Endelig på toppen

Fascinerande utsikt over byens tak


I eit vindauge på toppen av Rundetårn oppdaga eg denne geocoinen!

Eit stemningsfult bilde eg tok på veg nedatt, tru kva ho tenkte på?

Eg gjekk innom utstillingsrommet på veg nedatt


Vel ute igjen fann eg min første geocache i Danmark!

På veg tilbake til hotellet gjekk eg gjennom Kogens hage

Vårstemning!

Kan dei ikkje lese dansk?

Etter ein liten pause på hotellrommet gjekk eg til Nyhavn

Kaldt, sa du? Her kjem dei seg ingen veg

Endå ein fiffig detalj

Eg åt middag på ein italiensk restaurant

Då eg var ferdig med middagen hadde blitt mørkt (og endå kaldare), så eg gjekk like så godt tilbake til hotellet
Etter (alt for) mykje salt lakris, ein kopp te og ein kopp kakao er 50 bilder klargjort og lagt ut saman med litt beskrivande tekst. Eg er stuptrøtt og klar for å finne køya! Bli med på nye eventyr i morgon!