Arkiv for ‘Tur’ kategorien


Hausthelg

Sunday, 23.10.2011

Denne herlege hausthelga er dessverre over, men heldigvis var ho med på å fylle opp energilageret for neste veke. Fredag sende eg Henrik ut med gode kollegaer medan eg sjølv laga meg ein deileg middag før eg slokna på sofaen. Laurdag stod eg opp til ein ekte laurdagsfrukost à la Henrik, perfekt start på dagen med andre ord. Eg var på ein lang geocaching-tur saman med Anna, og jammen runda eg ikkje 100 funne skattar!

Anna og eg var innom Leangen Gård
Photobucket

Hit skal eg ta med mamma når ho kjem oppover før jul!
Photobucket

Til laurdagsmiddag laga Henrik steikt ris med marinert ytrefilet av svin, mmM! Medan Henrik, Brage og Eirik tok seg ein tur til Kobberdammen for å tørrtrene litt med fiskestanga, laga eg meg ein deileg frukost. Heimelaga appelsin, gulrot og jordbærjuice vart det også, forfriskande. Etter frukost pusla og stelde eg litt. Stakkars heimen vår har vorte litt forsømd den siste tida. No er eg endeleg frampå igjen, og eg kan kose oss med fyr i omnen og tv-kos utan å tenkje på alt eg skulle ha gjort.

Etter ein liten tur ut på ein ny asiatisk restaurant, Moon Asian Cooking, tok Henrik turen til ein kompis medan eg har kosa meg med MasterChef Australia, alvorlege mengder tende telys og sjølvsagt fyr i omnen. I morgon startar ei ny veke og etter jobb skal eg treffe verdas beste Elin over ein kopp Eplekake-latte.
-Eg gler meg!-


Stemningsbilder

Monday, 3.10.2011

Laurdag stod eg opp tidleg for å kome meg til byen for å få unna nokre ærend. Det var altså så fascinerande å rusle frå Solsida til Sentralstasjonen at eg brukte sikkert 45 minutt på den korte turen. Eg gjekk med kameraet i handa og knipsa bilder heile vegen. Sjå berre her kor flotte bilder det vart av tett skodde!

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Ei trillrund sol
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Vakkert!
Photobucket

Haustens vakre fargar
Photobucket

Hauststemning
Photobucket


Koppardammen

Sunday, 18.09.2011

Sist torsdag pakka eg og Henrik kvar sin sekk med varme kle, sovepose, liggeunderlag, telt, stormkjøkken, mat og fiskeutstyr. Fredag rett etter jobb var vi klare for vår første telt-tur. Vi kjøpte oss nemleg telt tidlegare i haust, og eg syntest det var for gale å legge det i kjellaren for vinteren utan å prøve det først. Målet for turen var Koppardammen, eit lite vatn øverst i Ila-vassdraget.

Photobucket

Photobucket

Henrik med fullpakka sekk
Photobucket

Beverhytte
Photobucket

Naturens kunstverk
Photobucket

Photobucket

Henrik sette opp teltet medan eg gjorde klart til middag
Photobucket

Pølser steikt på stormkjøkken, deileg turmat!
Photobucket

Photobucket

Henrik fiska…
Photobucket

…eg gjekk på skattejakt
Photobucket

Teltet sette vi opp i ei lysning i skogen, litt vekk frå råsa
Photobucket

Teltet var godt gøymt mellom grantrea
Photobucket

Det vart fort mørkt, så allereie halv 9 hadde vi kome oss opp i soveposane våre. Vi spelte litt kort og kosa oss med tursnop før vi slokna begge to. Utpå morgonkvisten vakna eg og måtte på do. Etter ein kjapp dotur var eg inn i teltet og fekk henta kameraet mitt. Sjekk den stemninga! Trolsk!

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Eg la meg igjen, og vakna av at solstrålane leika seg på teltduken
Photobucket

Snakk om morgonstemning
Photobucket

Klar luft og speilblankt vatn
Photobucket

Forsvarets drytech til frukost, varm frukostblanding med bær
Photobucket

Etter frukost høyrde vi ei kjend stemme som ropte på Onlet Henlet (Onkel Henrik) frå andre sida av vatnet
Photobucket

Hannah, Eirik og Brage hadde kome for å besøke oss. Ein ivrig Brage fekk låne ei fiskestang med dupp og bly i enden av snøret. Vi kasta ut og han sveiva inn som ein helt. Ei perfekt avslutning på ein flott første telt-tur med eige telt. Gler meg til våren og mange fine og minnerike turar.

Photobucket