Delelysta har vore laber den siste månaden, men no er kontaktmøter og haustens foreldrekveld over – jippi! Siste søndag i oktober gjekk eg meg ein fleire-timers-tur for å leite etter byens nye skattar med både gps og kamera. Resultatet vart 3 nye geocachar (eg har runda 100), fleire flotte bilder, nye oppdagingar på kunstfronten og litt godt mosjons-samvit.
Haust…

…både høgt…

…og lavt!

Eg fann ein skatt ved Dahls bryggeri på Lade

Ved tårnet av ubåten KNM ULA S300 fann eg dessverre ingen skatt,

men eg lærde noko nytt!

Rusla langs brygga og fann ein skatt i ein gamal filmboks

Siste skatt fann eg ved Hospitalskirken

I parken ved Cissi Kleins gate oppdaga eg viktig og fin kunst





Etter 8 km vandring gjennom bygatene var eg våt gjennom støvlettane og ulljakka var tung av regn. Det freista det med ein kopp varmande chilikaffi frå Dromedar, og det vart det òg! Mmm!