Arkiv for ‘Sorg’ kategorien


flagget på halv stong

Saturday, 15.03.2008
I dag har vi flagget på halv stong.
Besten sovna stille inn i dag tidleg, nesten 95 år gamal.
Kvil i fred Besten

Bonzo

Saturday, 11.11.2006

Eg saknar Bonzo


Å miste det kjæraste du har

Thursday, 31.08.2006

R.I.P. BONZO
16.Februar 1995 – 31.August 2006

I dag har eg mista ein turkamerat, ein trufast ven og ei glede i kvardagen. Det har alltid vore godt å kome heimatt til Bonzo. Enten eg var vekk to minutt eller to månader – han viste like stor glede uansett. Han logra med halen, kom på plassen sin, henta bamsen, hoppa og gliste.

Etter å ha vore sjuk ei stund, og etter eit par besøk med dyrlegen, vart det klart at han nesten 100% sikkert hadde leverkreft. I dag fekk han sleppe å lide meir. Han sovna stille inn i ettermiddag, med hovudet i fange til mamma.

Du lever vidare i minna våre Bonzo.