Dagane på jobb er lange, travle, kjekke og spanande. Hittil dette skuleåret har eg lært utruleg mykje, om ungar, om foreldre, om skulestruktur, og ikkje minst om meg sjølv. Eg har bilder frå fleire veker tilbake eg har lyst til å dele, men det får bli etter ein avslappande bytur med kaffi og kanskje litt handling av nye haustkle. Henrik er på jakt-tur denne helga, og eg nyt åleinetida mi til det fulle :) Her er nokre bilder som viser litt av det eg held på med på jobb om dagane.
2. trinn var på tur til Sprengberget


Elevane leita tak i plantar, soppar og blad som vi etterpå artsbestemte. Ungane var så ivrige i plukkinga at det nesten var umogleg å stoppe dei.


Eg prøvde å sei at ein av kvar art var nok, men då dei fann kantarellar var beskjeden min gløymt…

Eg har hatt med ein elev på geocaching

Vi har leika med krit på asfalten i skulegarden

Eg har laga memokort med dyr og plantar, sjølvsagt laminerte

Og så har eg vore i Ringve botaniske hage med 7. trinn

Her var det omvisning med påfylgjande natursti

