Arkiv for ‘Skule’ kategorien


Kjære lærerkritiker!

Tuesday, 20.09.2011

Elisabeth har skrive det som om eg skulle ha skrive det sjølv!

Les innlegget til Elisabeth, kjære lærerkritiker

Photobucket


Jobbgleder

Saturday, 17.09.2011

Dagane på jobb er lange, travle, kjekke og spanande. Hittil dette skuleåret har eg lært utruleg mykje, om ungar, om foreldre, om skulestruktur, og ikkje minst om meg sjølv. Eg har bilder frå fleire veker tilbake eg har lyst til å dele, men det får bli etter ein avslappande bytur med kaffi og kanskje litt handling av nye haustkle. Henrik er på jakt-tur denne helga, og eg nyt åleinetida mi til det fulle :) Her er nokre bilder som viser litt av det eg held på med på jobb om dagane.

2. trinn var på tur til Sprengberget
Photobucket

Photobucket

Elevane leita tak i plantar, soppar og blad som vi etterpå artsbestemte. Ungane var så ivrige i plukkinga at det nesten var umogleg å stoppe dei.
Photobucket

Photobucket

Eg prøvde å sei at ein av kvar art var nok, men då dei fann kantarellar var beskjeden min gløymt…
Photobucket

Eg har hatt med ein elev på geocaching
Photobucket

Vi har leika med krit på asfalten i skulegarden
Photobucket

Eg har laga memokort med dyr og plantar, sjølvsagt laminerte
Photobucket

Og så har eg vore i Ringve botaniske hage med 7. trinn
Photobucket

Her var det omvisning med påfylgjande natursti
Photobucket

Photobucket


Første skuledag

Monday, 22.08.2011

Det er ikkje mange åra sidan det var min første skuledag…

Photobucket

I dag var det min første dag som kontaktlærer, i 100% stilling, i fast jobb! Eg har møtte flotte ungar som er fulle av lærelyst og som har gledd seg i sidan juni til å møte sin nye lærar, MEG!
Kor flott er ikkje det?