I jula laga Storebror wraps til oss, og det smakte fortreffeleg saman med aioli og saltbakte poteter. I går laga eg det same til Henrik, og det vart meir enn godkjent!
Aioli (Svigerfar sin juksevariant)
1 pose ekte majones
1 eggeplomme
litt kvitlauk
salt
pepar
Litt sitronsaft – om du vil
Bland alt saman, og vips… aioli!
Saltbakte poteter
Bruk små poteter (Amadine, mandelpoteter el.) Kok opp ei panne vatn, ha i riiiikeleg salt. Kok potetene med skal på, til dei er møyre. Det er viktig å koke dei med skalet på, slik at ikkje saltet trekkjer inn i potetene. Legg dei på eit fat med papir til dei har tørka. Server kalde eller lunka.
Storebrors wraps
Tacolefser
Tine krydderost (type smørbar)
Strandaskinke
Ruccola
Smør krydderost på lefsene, legg på strandaskinke og ruccola, rull saman og skjer opp i passelege munnfullar. Jummy!
Dander alt fint i skåler og på fat, server til ein du er glad i,
eller et alt sjølv!


