Arkiv for ‘Mat’ kategorien


Laurdagsmiddag

Sunday, 5.02.2012

Fredag laga Henrik ein herleg middag til meg. Og ikkje berre det, eg fekk meg ei raud rose og gåvekort på spa, akkurat som eg har ønska meg i lang tid. Takk verdens beste Henrik!

I går var det min tur til å lage middag. Eg heiv ihop tzatziki, marinerte tynne skiver av ytrefilet og laga ein salat medan Henrik toasta loffskiver i steikepanna. Så ordna vi heimelaga chips saman. Sjå berre her kor godt det vart!

Perfekt temperatur
Photobucket

Poteter klare til steiking
Photobucket

Steiking på gong
Photobucket

Photobucket

Steikt første gong
Photobucket

Servert!
Photobucket

Snakk om herleg laurdagsmiddag!
Photobucket


Lunsjdate

Sunday, 29.01.2012

Laurdagslunsjen vart kombinert med ein lunsjdate på Solsiden. Vi bestemte oss for å ete på Bær & bar. Henrik valde pizza, eg gjekk for calzone med skinke, ost og sopp. Mmm! Takk for mat Henrik!

Photobucket

Photobucket

Photobucket


Dagens middag

Wednesday, 25.01.2012

Henrik reiste til Sverige i dag, og då måtte frøkna lage sin eigen middag. Med masse grønsaker og kylling i kjøleskapet vart det ein deileg kyllingwok med eggenudlar og heimelaga woksaus.

Photobucket

Photobucket

Lyst til å prøve?

Saus
2 ss ketjap manis
1 ss oyster sauce
2 ss sweet chilli sauce
2-3ss sitronsaft
1/2 ts ingefærpulver

Mariner kyllingen i sausen før steiking. Steik kyllingen og fræs grønsakene før du heller over sausen. Server med nudlar slik som eg gjorde, eller med nydampa ris. Dryss over sesamfrø før servering. Nyt!