Arkiv for ‘Lykke’ kategorien


Kenwood Major

Friday, 26.11.2010

Eg har tjuvstarta på jula i år… for i kjøkkenskapet mitt står det no ein splitter ny Kenwood Major og ventar på å bli prøvd ut! I hylla under står det ei like ny kjøtkvern som passar perfekt til mi fiiiine kjøkkenmaskin :D

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Ja, blender var med òg!
Photobucket

Demonstrasjonsvideo og oppskrifter på dvd, flotte brosjyrer og informasjon om alt dei kan tilby av tilleggsutstyr, stas!Photobucket

Tusen takk snille, vakre, vene Mamma og Pappa :D


Bursdagsfeiring!

Sunday, 10.10.2010

Vi starta feiring av bursdagen min med grillfest på Graffi grill og bar i går kveld. Fantastisk god mat (i enorme mengder) saman med fine folk, ein perfekt start på feiringa! Etter mat gjekk vi til Kieglekroa for å spele Sjoelbak. Dei som ikkje har prøvd det burde verkeleg ta turen hit! Eit spel som ein kan flire så
mykje av skal du leite lenge etter.

Sjoalbak (tatt med dårleg kamera, dessverre)
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Eg har alt vore oppe ei stund og kosa meg. Eg har ete gele med vaniljesaus, leita fram brus og snacks (for det kan ein ete til frukost når ein har bursdag, nemleg) Føtene har eg godt plassert i gåva eg fekk frå Håvard i går kveld, ein utruleg deileg fotvarmar. Tusen, tusen takk Håvard!!
Photobucket

Med svigers har eg fått meg akkurat den snella eg ønska meg til den nye fisketroa Henrik held på å lage til meg! Tusen takk til begge to!
Photobucket


Bursdagsgåve

Saturday, 2.10.2010

Eg har ferie, haustferie, FRI!
Dagen starta med at eg søv akkurat så lenge som eg hadde lyst til (sett vekk frå at eg var oppe ei lita økt i 6-tida for å få sendt gubben på rypejakt). Etter det har eg dusja tom ein varmtvasstank, ete pizza til frukost, vaska ei maskin med kle, og vore ein tur i byen for å kjøpe meg sjølv ei bursdagsgåve frå mamma og pappa. Eg har hatt lyst på ein fin liten bag sidan eg og Anna var i Østersund i sommar. På Skandinavisk Høyfjellsutstyr i byen har dei hatt dei på tilbod lenge, og NO slo eg til. Det stod mellom blå, lilla og grøn…

Der står han og ventar på meg
Photobucket

Photobucket

Buss til byen, kjøpe bagen og buss heim. Det heile tok 30 minutt :)
Photobucket

Photobucket

Ferdig pakka og klar til heimreise
Photobucket

Photobucket

Henrik er altså på Rypejakt, og eg er spent på kor det går!
Photobucket