Arkiv for ‘Lykke’ kategorien


Sony Alpha NEX-7

Saturday, 12.05.2012

I går ettermiddag henta eg min nye ven på postkontoret. Eigentleg er det min og Henrik sin ven, saman, men det høyrest ikkje så fint ut som min ven… Eit splitter nytt kamera, ein Sony Alpha NEX-7, har kome i hus og eg er storfornøgd! Vi kjøpte med eit macro-objektiv også, så no håpar eg det dukkar opp masse blomster og insekt slik eg kan ta tøffe bilder.

Photobucket

Lekkert?
Photobucket

iiih
Photobucket

Photobucket

Min nye ven!
Photobucket

Min gamle og trufaste ven G10-en skal framleis få vere med både på fotojakt og på turar. Dette kameraet er nemleg heilt fantastisk og (nesten) alltid til å stole på, sjølv etter 3,5 år og nesten 17.000 bilder! Det har vore med til Sverige, Thailand, Nederland, Hellas, Italia, København og Canada, og for ikkje å snakke om turar i både by og skog!

Bilde #1 tatt med NEX-7-en min
Photobucket


Laurdagsmiddag

Sunday, 5.02.2012

Fredag laga Henrik ein herleg middag til meg. Og ikkje berre det, eg fekk meg ei raud rose og gåvekort på spa, akkurat som eg har ønska meg i lang tid. Takk verdens beste Henrik!

I går var det min tur til å lage middag. Eg heiv ihop tzatziki, marinerte tynne skiver av ytrefilet og laga ein salat medan Henrik toasta loffskiver i steikepanna. Så ordna vi heimelaga chips saman. Sjå berre her kor godt det vart!

Perfekt temperatur
Photobucket

Poteter klare til steiking
Photobucket

Steiking på gong
Photobucket

Photobucket

Steikt første gong
Photobucket

Servert!
Photobucket

Snakk om herleg laurdagsmiddag!
Photobucket


Søndagslykke

Sunday, 15.01.2012

Brage og eg kosa oss saman nokre timar i dag. Etter å ha ete godt med middag (og dessert), tok vi bussen til byen for å gå på kafè. Brage fekk seg appelsinjuice medan eg hadde mest lyst på ein sweet chili-kaffi og ei ei cookie. Hemmelegheita eg hadde i sekken kom på bordet også – bokstavkjeks!

Photobucket