Arkiv for ‘Kvardag’ kategorien


Blåbær

Monday, 30.01.2012

Henrik har spøka med at eg fyrer slik at vi kjem til å få blåbær på lyngen eg kjøpte for nokre helgar sidan. Vel, han hadde delvis rett…

Photobucket


Vårstemning

Thursday, 26.01.2012

For eit par veker sidan kjøpte eg meg eit par krukker med løkar. Eg lengta slik etter våren at eg måtte berre ha dei. Det vart ei krukke med kvite krokusar og ei med blå klokker i ein nydeleg lillablå farge. No har dei sprotte ut og laga litt vårstemning i heimen vår.

Photobucket

Photobucket


Mandagsfrukost

Monday, 23.01.2012

Å ete ein god frukost og nyte ein deileg varm sjoklade med krem, ein sein mandagsmorgon, det kan vere veldig fint det.

Photobucket

Det som ikkje er så fint med å ete ein slik frukost ein mandagsmorgon, det ser du her…
Photobucket

Eg har sår hals og såre bihuler, er tett i nasen, hostar og nys. Heldigvis har eg godt med ved og telys, og nok av filmar å sjå på.