Arkiv for ‘Kvardag’ kategorien


Søndagsfrukost

Sunday, 11.03.2012

Henrik kom heim ein tur i går, og så bar det rett i 30-års-lag for Eivind og Kristin. Vi var ikkje alt for seine med å rusle heimover i natt, men seint nok til at vi begge steinsøv til klokka 12. Det vil seie, Henrik stod opp ein time seinare enn meg og fekk servert rykande varme amerikanske pannekaker med eksklusiv lønnesirup frå Canada, bacon, melis og sukker. Deileg søndagsfrukost!

Eg valde bacon og melis
Photobucket

Henrik valde melis og lønnesirup
Photobucket

No har Henrik reist tilbake til Dombås. I morgon startar ei ny veke med dei fantastiske ungane mine, men først skal eg søve vekk migrena mi. Det har ikkje vorte sying i dag med andre ord, men i morgon, DÅ blir det!


Litt av alt

Sunday, 26.02.2012

Før vinterferien hadde eg eit par veker med skrivepause. Eg hadde lange dagar på jobb, Henrik var i USA og eg naut litt åleinetid, og eg hadde nokre tøffe migrenedagar. Eit lite tilbakeblikk med bilder er på sin plass, for det hende mykje fint også!

Eg var på heildagskurs på Rådhuset for å lære endå meir om Grønt Flagg. Det var stille og roleg morgonstemning i Nordre, og eg rakk ein deileg kaffe på Dromedar før kurset starta.

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Vi hadde ein halvdag med uteskule og eg tok med ut sprayflaskene med maling. Ungane vil gjerne bli “måla” i snøen og her er eit av resultata. Ei ekte målvakt kastar seg etter ballen!

Photobucket

Søte Silje sende meg pakke i posten sidan forma mi ikkje var heilt bra, takk kjære deg!
Photobucket

Av Henrik fekk eg gåvekort på Solsiden SPA. Snakk om luksus ein tilfeldig dag i februar. Tusen takk kjærasten min!
Photobucket

I dag er det siste dag i vinterferien, og eg nyt han til det fulle. Medan Henrik var i Pirbadet med Brage og Eirik, kosa eg meg med ein deileg søndagsfruskost i nyvaska heim.

Photobucket

No har vi hatt Hannah, Eirik og Brage på pannekakebesøk og kaffi. Henrik har lagt seg nedpå litt, og eg skal nyyyyte dei siste timane av søndag og vinterferie.


Blinkskot

Tuesday, 31.01.2012

På veg over Gamle Bybro for å ta ein ettermiddagskaffi med Elin (og Nina), måtte eg stoppe opp eit sekund. Eg tok eitt bilde, eitt bilde som står som månadens favoritt, denne siste dagen i januar.
Eit blinkskot!

Photobucket