Arkiv for ‘Kjærleik’ kategorien


Ny fiskestong

Tuesday, 27.07.2010

Henrik fekk seg ny tur-fiskestong med meg i dag, med snelle, sene og nokre slukar – Ei finfin sommargåve :) …det vart altså fisketur på oss i dag igjen, og heldigvis var det att både sjokolade og kjeks frå sist tur! Henrik fekk 2 småseiar, mens eg fekk ei lita ulke!

Photobucket

Storfiskaren min!
Photobucket

Vakker solnedgong, i dag òg
Photobucket


Pinell Supersound II

Sunday, 25.07.2010

Tirsdag, då eg var i byen saman med Erlend og Silje, fekk eg kika litt på radio til kjøkkenet. Eg har lenge hatt lyst til å ha ein radio på benken, slik at eg kan høyre på musikk når eg lagar mat, eller når eg vil sete der med ei god bok.
Eg kom heim til Henrik og fortalde kva eg hadde sett på, og den hadde da han kika på leeeeenge! Vi heiv oss i bilen, køyrde til Elkjøp og kjøpte den finaste radioen, Pinell Supersound II.

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Når ein har slik ein fin radio, då kan han stille han inn på ein kanal som berre spelar cafémusikk, lage ein kopp med favorittkaffien sin, ete siste rest av lillebrors ostekake og nyte ein (litt rimelegare) cafétur saman med verdens beste Henrik!

Photobucket


SPA

Thursday, 11.03.2010

Eg og Monica har vore på SPA! Boblebad, isbad (…isvatn-opp-til-låra-bad), infraraud badstu, avslapping og nakke-/ryggmassasje… AH! Kan det bli betre? Vi avslutta kvelden med deileg is frå Cielo, perfect avslutning med andre ord. Takk for ein herleg kveld Monica!

Takk kjære snille Henrik for at du spanderte på meg litt luksus!

Ein dag til på arbeid no, så skal eg ta helg med godt samvit. I morgon skal Henrik på konsert, så eg skal kose meg med film og lesing heilt åleine. Eg gler meg! Laurdag skal vi på middag til ein kompis av Henrik, søndag har eg planar om å få til litt Tanteguttkos!

Livet er herleg!