Arkiv for ‘Kjærleik’ kategorien


Matatur-date

Wednesday, 9.02.2011

Det er onsdag, og onsdag er kjærastedag. Eg fekk ein lys idè i går kveld etter at eg hadde lagt meg, så det passa ganske bra at Henrik kasta meg ut av senga fordi eg hosta så fælt. Før eg la meg til å sove på sofaen leita eg meg fram til ein plass eg var innom for mange herrens år sidan. Eg sjonglerte mellom Google maps og kartet på Gule sider, og til slutt fann eg plassen. Eit flott utkikspunkt over byen, på Byåsen-sida.

Eg kokte kakao medan Henrik smurte mat
Photobucket

Ein benk i mørket…
Photobucket

…kakao å varme seg på….
Photobucket

….med utsikt over byen. Romantisk
Photobucket

Photobucket


5 år

Friday, 14.01.2011

Det er på dagen 5 år sidan eg vart lokka og lura på fest til Hannah. Eg skulle på jobb dagen etter, så eigentleg orka eg ikkje. Det er 5 år sidan eg fann kjærleiken min, lykka mi, livet mitt!

Henrik er ute med kompisar, eg kosar meg heime, og det er heilt greit. Vi treng ikkje å vere saman berre fordi…
Vi er saman dei dagane som tel mest, nemleg kvardagane!
Elskar deg Henrik!

Photobucket

Eg lånte meg ei bok på biblioteket i dag, heilt utan å tenke på kva eg ville lese, før eg kom på kva for ein dag det var… Whole lotta love, seier eg berre :)


Home sweet home

Thursday, 7.10.2010

08.45 i gårtidleg gjekk eg om bord i flyet
Photobucket

Klokka 08.59 tok vi av frå Vigra
Photobucket

Eg klarte å halde meg vaken (så vidt), slik eg skulle få meg frukost
Photobucket

Vi flaug over Granåsen 10 minutt tidlegare enn forventa
Photobucket

Eg kom heim til tom leilegheit, og planen var å fylle i ei varmeflaske og kure under eit teppe på sofaen til Henrik kom heim frå jobb. Eg rydda og pusla litt, ein halvtimes tid, før eg var klar til å legge meg nedpå litt…. då ringde det på døra….
Photobucket

Søte, snille kjærasten min hadde teke seg fri frå jobb for å vere saman med meg. Og ikkje berre det! Han hadde med flotte roser og ingrediensar til pasta carbonara! Er eg ikkje heldig?
Photobucket