Arkiv for ‘Kjærleik’ kategorien


7 år

Monday, 14.01.2013

Sitat dagbok 14. januar 2006:

Gjennom livet har vi alle våre oppturer og nedturer, jeg også. Endelig er jeg på tur oppover. Tankene og drømmene mine har ført meg oppover, nok en gang! (…)

Hele denne fantastiske dagen har jeg tenkt, som vanlig. Jeg tenker mye. Hvem kan gjøre noe med min lykke? Mine egne innstilling, mine tanker og mine drømmer avgjører om jeg vil bli lykkelig eller ikke. (…)

I går var jeg forresten hos Dronninga (Hannah). Jeg liker Dronninga! Hun har en kjekk bror! *glis*

Photobucket

I dag er det 7 år sidan eg møtte Henrik for første gong, og eg minnast det som om det var i går. Det var då eg oppdaga kjærleiken :)


Matatur-date

Wednesday, 9.02.2011

Det er onsdag, og onsdag er kjærastedag. Eg fekk ein lys idè i går kveld etter at eg hadde lagt meg, så det passa ganske bra at Henrik kasta meg ut av senga fordi eg hosta så fælt. Før eg la meg til å sove på sofaen leita eg meg fram til ein plass eg var innom for mange herrens år sidan. Eg sjonglerte mellom Google maps og kartet på Gule sider, og til slutt fann eg plassen. Eit flott utkikspunkt over byen, på Byåsen-sida.

Eg kokte kakao medan Henrik smurte mat
Photobucket

Ein benk i mørket…
Photobucket

…kakao å varme seg på….
Photobucket

….med utsikt over byen. Romantisk
Photobucket

Photobucket


5 år

Friday, 14.01.2011

Det er på dagen 5 år sidan eg vart lokka og lura på fest til Hannah. Eg skulle på jobb dagen etter, så eigentleg orka eg ikkje. Det er 5 år sidan eg fann kjærleiken min, lykka mi, livet mitt!

Henrik er ute med kompisar, eg kosar meg heime, og det er heilt greit. Vi treng ikkje å vere saman berre fordi…
Vi er saman dei dagane som tel mest, nemleg kvardagane!
Elskar deg Henrik!

Photobucket

Eg lånte meg ei bok på biblioteket i dag, heilt utan å tenke på kva eg ville lese, før eg kom på kva for ein dag det var… Whole lotta love, seier eg berre :)