Arkiv for ‘Johannes’ kategorien


Kvardag

Tuesday, 19.02.2013

Eg og Johannes kosar oss om dagane, og kosar oss endå meir når helga kjem og Henrik er heime. Det blir lite tid til å skrive kvar dag, men vi knipser bilder i hopetal!

Deileg å fyre i omnen før guten vaknar om morgonen
Photobucket

Fiskemiddag minst to dagar i veka – mm!
Photobucket

Johannes har vorte veldig flink til å gripe ting
Photobucket

Favorittleika – Det enkle er ofte det beste
Photobucket

Stinky-pysj
Photobucket

Photobucket

Ferskt steinovnsbakt brød og croissant til laurdagsfrukost
Photobucket

Og ja, eg får framleis tid til å kose meg og nyte litt åleinetid
Photobucket


Min første morsdag

Tuesday, 19.02.2013

Sist søndag feira vi min første morsdag. Johannes og Henrik stod opp og lot meg søve ein time ekstra før eg fekk servert deileg varm gulrotsuppe til frukost. Litt utpå dagen kom onkel LO på besøk for å dulle litt med favorittnevøen, og så kom Hannah, Eirik og Brage på kake og vannbakkels. Søtaste Henrik hadde kjøpt ei fin morsdagskake og gøymt ho nede i kjellaren til den store dagen, og eg laga mine første vannbakkels som faktisk vart vellykka!

Photobucket

Photobucket

Laurdag kom det blomster på døra som eigentleg skulle ha kome på søndag. Dessverre var det skrale blomster som mista blad allereie søndagen. Floriss ordna opp, og mandag fekk eg ein nydeleg bukett levert på døra – og dei står nesten like fint no, over ei veke etter.

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Dei fire finaste rosene frå den første buketten vart til ein liten søt bukett som gjorde kjøkkenbordet koseleg nokre dagar.

Photobucket


Tida flyg!

Monday, 18.02.2013

Det er altså utruleg kor fort tida går! Johannes er 11 veker i morgon, og neste veke er det 3 månader sidan vi vart ein familie på tre. Sidan sist har Johannes vore på sin første flytur og sitt første besøk heimheim til Mormor og Besten. Mormor hadde vaska vår gamle seng, og lagt på sengetrekket eg hadde då eg var lita. Vår gamle voksipose var vaska og lagt fint opp i arva vogn slik alt var klart for trilleturar der eg vart trilla for nokre (få?) år sidan.

Johannes har vore på sin første (av mange?) køyreturar i Onkel Erlend sin raude golf og han har lurelånt sykkelen til Besten – stor stas! Og så så mykje dull og kos frå Tante Silje og Mormor! Vi storkosa oss, både eg og Johannes, og gler oss stort til neste besøk. Men før den tid må vi prøve å få alleihop på besøk til oss…
kjem dokke snart?

Johannes digga Onkel Erlend sin gamle babygym
Photobucket

Baileys lurte på kva for ein skapning som hadde kome i hus
Photobucket

Johannes gav oss nok ein god latter då han tissa på Mormor, herleg!
Photobucket

Etter turen heim bar ut på nok ein flytur for meg og Johannes, denne gongen var målet gamletantebesøk i Bærum, Oldefarbesøk på Haugerud og dåpsfest til Sebastian. Vi hadde eit par flotte dagar og det var stas for oss å vise fram vår store stoltheit til alle som ville helse på.

Mandag 4. februar var Johannes 2 månader, og vi ut på den første lange køyreturen hass. Turen tok heile 10 1/2 time med tre lengre stopp. Johannes søv størsteparten av tida i bilen og imponerte oss stort med si uthaldenheit når det var eit stund til neste stopp.

Photobucket

I dag er det tid for babysvømming i Pirbadet, og vi gler oss til å sjå korleis Johannes trivast i vatnet. Han likar veldig godt å bade i baljen sin, så det lovar godt. Vi vil verkeleg at han skal både vere trygg og trivast i vatn, så eit slikt kurs er vel nytta tid og pengar. Vi gler oss!