Arkiv for ‘Johannes’ kategorien


eBay

Saturday, 23.02.2013

Nattamming og eBay er ein skummel kombinasjon. Heldigvis er eg fornuftig i halvsøvne, så det er ikkje dyre ting som dumpar ned i postkassa etter nattlege handlerundar. Denne gongen kom denne tøffe giraff-smekka som kosta 20 kroner.

Er ho ikkje søt?
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Og i dag, då eg var innom Babyshop for å kjøpe ei biteleike til Johannes, oppdaga eg at dei sel akkurat dei same smekkene der! Kva er oddsen? Det fine er at medan eg betalte 20 kroner for mi, HER, skal Babyshop ha 80!

Photobucket

Giraff-biteleike. Likar eg giraffar tru?
Photobucket


Punkin-Butt

Friday, 22.02.2013

I september kjøpte eg ein bunke klutar frå Bleieboden.no, og eg har vore så fornøgd med dei at eg måtte kjøpe ein bunke til. Denne gongen bestilte eg direkte frå Punkin Butt. Kjempefine og gode klutar som er i bruk kvar einaste dag. Perfekt å kjøpe i barselgåve til både gutar og jenter.

Photobucket

Photobucket

To av kvart design, fint stoff og fine fargar
Photobucket

Min favoritt
Photobucket


Babycall

Wednesday, 20.02.2013

For eit par veker sidan kjøpte vi oss babycall, ein Philips Avent Videomonitor. Vi hadde vel eigentleg bestemt oss for at vi ikkje hadde bruk for det sidan vi har ei såpass lita leilegheit, men du kor kjekt det er! No kan vi nyte middagen på kjøkkenet medan Johannes søv i senga si, utan å føle at vi må gå og sjekke om han søv. Og ikkje minst så kan eg dusje og ordne meg utan å stresse fordi eg ikkje veit korleis han har det.

Photobucket

Photobucket

Henrik kjøpte veggfeste på eBay
Photobucket

Photobucket

Og så har vi mykje moro med å sjå kva han gjer når vi ikkje er der