Arkiv for ‘Hobby’ kategorien


Lille larven aldri mett

Thursday, 3.02.2011

For ei tid tilbake fann eg eit strykemerke på ebay som eg berre måtte kjøpe. Det var nemleg av den lille larven aldri mett. Brage, verdens beste tantegut, elskar boka om larven som et ish (is) og popo (pølse)! Han har snart 2-årsdag, og då passa det fint at eg fekk laga ein genser og ei t-skjorte med trykk på. Eg klarar nok ikkje å halde meg til bursdagen med å gi han klea, men det får så vere…

Bak på hettejakka
Photobucket

Framme på t-skjorta
Photobucket

Fin, ja?
Photobucket

Trykka var beregna på lyse plagg, og hettejakka vart i mørkaste laget, men eg synest det vart bra likevel!


Dagens produksjon

Sunday, 30.01.2011

Ein kollega av meg på jobb vart pappa for eit par veker sidan, og snille meg har sydd nokre smekker han skal få. Tre av dei er med monster på framsida (barneputetrekk kjøpt på Princess) og alle har ulik bakside (kvit frotté med plast, kvit og blå fleece). Den siste fekk stoff frå lappeteknikk.no, fine badeender på lys blå bakgrunn, med bakside i kvit fleece. To av smekkene fekk namnelappar på :)

Monstersmekker
Photobucket

Alle smekkene fekk to trykk-knappar slik halsåpninga kan justerast
Photobucket

Namnelapp framme
Photobucket

Namnelapp bak
Photobucket

Badeender på blå bakgrunn, med namnelapp på
Photobucket


Namnelappar

Wednesday, 26.01.2011

I dag låg det ein fin liten konvolutt, poststempla i Sverige, i postkassa mi. Brevet var frå Mina namnband, som har laga fine namnelappar med guve på. Lappane skal eg bruke til å merke alt eg syr framover :)

Photobucket

Photobucket