Det har vorte sydd 11 nye smekker sidan sist. 5 i helga medan Silje og Erlend var på besøk og 6 i dag. På søndag fekk Silje seg eit lite kurs, og jammen sydde ho ikkje 2 smekker sjølv. No har eg 24 stk som er fiks ferdige og klare til sals.
Husk! Når du får smekkene, har eg vaska dei på 30 grader og dei fått ein omgong med strykejarnet. Dei er vendbare med flott mønster på eine sida og einsfarga fleece på den andre, med mindre anna er oppgjeve. Alle smekkene har to knappar og kan justerast i størrelse rundt halsen. Prisen er 85 kroner pr. stk + evt porto. Legg att ein kommentar om du kunne tenkt deg å sjå nærare på dei, eller allereie har bestemt deg for å kjøpe!
OBS! Siste frist for å kjøpe av dei eg har laga til no, gjennom nettsida eller facebook, er førstkomande fredag!
Søndagens produksjon

Lille larven aldri mett, kvit fleece på baksida, kvit saum (EI SELD)

Bilar på kvit bakgrunn, kvit fleece på baksida, kvit saum

Husdyr på lys blå bakgrunn, kvit fleece på baksida, kvit saum

Sauer og tall på grøn bakgrunn, kvit fleece på baksida, kvit saum

2 x lilla sirklar på lilla bakgrunn, lys lilla fleece på baksida, lilla saum
Lilla sirklar på lilla bakgrunn, kvit fleece på baksida, lilla saum

Tøft retrostoff!

Sirklar på svart bakgrunn, oransje fleece på baksida, oransje saum

Sirklar på svart bakgrunn, grøn fleece på baksida, grøn saum

Bilar på kvit bakgrunn, oransje fleece på baksida, kvit saum

