Arkiv for ‘Heime’ kategorien


Sunnylvsdagane

Saturday, 23.07.2011

Laurdag etter eg kom heim frå Rhodos var det tid for å besøke Hellesylt og Sunnylvsdagane 2011. Eg, Mamma og Silje tok turen inn, og der møtte vi både tanter, onklar og syskenbarn med familie. World Base Race gjekk av stabelen denne helga og eg gledde meg til å sjå på. Ikkje mindre enn to gongar køyrde vi opp i bygda for å sjå på fjellflygarar hoppe utfor Helsetkopen, 1246 m.o.h, i vingedrakt.

Hellesyltfossen, verdas vakraste foss!
Photobucket

Kommentator-området, Helsetkopen i bakgrunnen
Photobucket

Hopparane vert henta med helikopter
Photobucket

Helikopteret med Helsetkopen i bakgrunnen
Photobucket

Der oppe står dei klare til å hoppe
Photobucket

Dei hoppa, og dei flaug sabla fort
Photobucket

Og så løyste dei ut fallskjermen
Photobucket

Ein hadde viste seg fram med oransje røyk
Photobucket

Photobucket

Det var visst litt røyk att då han landa
Photobucket

Ikkje alle var like heldige med landinga. Han her fekk gjerdet mellom seg og skjermen
Photobucket


Påskestart

Friday, 22.04.2011

Årets påske starta med ein tur heimheim der vi kosa oss på fisketur i regnet og med saging, kløyving og pakking i ved i strålande solskin. Vi var gode hjelparar i fjøs og på kjøkken, og eg naut nokre dagar utan å vere for opptatt av kameraet mitt.

Heimbygda
Photobucket

Kos med laging av ved
Photobucket

Etter nokre dagar i heimbygda køyrde vi Atlanterhavsvegen til Smøla. I går bar det heimover til litt bypåske med tanteguttbesøk, te-besøk i hagen hos Elin, bytur og geocaching. No skal eg bake meir kanelknutar eg kan kose meg med på altanen i kveld. Nokon som kjem ein tur? Ha ei flott påske vidare alle saman!

Atlanterhavsvegen
Photobucket

Photobucket

Båtvrak sett frå Atlanterhavsvegen
Photobucket

Atlanterhavstunnelen
Photobucket

Photobucket


Brettspel

Tuesday, 28.12.2010

I jula kosar vi oss med brettspel, eg vert aldri lei :)

Rummy
Photobucket

Mafia
Photobucket

Sequenze
Photobucket