Arkiv for ‘Heime’ kategorien


Før jul

Saturday, 24.12.2011

Julestria vart ikkje akkurat julestri for meg i år, eg brukte tida på kos og avslapping i staden. Dei fleste julegåvene her eg gitt til born og vaksne som ikkje ikkje har råa til å kjøpe sjølve. Erlend og Silje kom på besøk og vi kosa oss i kafételtet på Torget.

Gløgg, kakao og tjukklefser
Photobucket

Sola laga hjarte på veggen min
Photobucket

Eg har kosa meg med mang ein deileg kaffikopp
Photobucket

Eg har laga julegåve til både Mamma og Svigermor

BILDER KJEM SEINARE I KVELD ;)

Torsdag reiste eg heimheim på ei vekes juleferie
Photobucket


Litt av alt

Sunday, 24.07.2011

Som de ser har eg kosa meg heime med familien min. Finast av alt var at verdens beste tanteG var på besøk også, heilt frå Australia tenk! Vi fekk skravla, spelt scrabble, gått på cafè og vi fekk vere mykje saman, herleg! Tante laga laksemiddag til oss ein dag, sjå her kor flott! Nyyyyydeleg godt var det òg!

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Eg, lillebror og Silje var på fisketur
(utan å få ein einaste fisk på land!)
Photobucket

Photobucket

Ein strandnellik klamrar seg fast i svaberget
Photobucket

Eg, mamma, TanteG og Silje var på cafè og kosa oss ein kveld. Kake, kaffe, skravling og skraping. Vi kjøpte nokre lodd kvar, og så balla det berre på seg. Vi vann, vann og vann alle saman, og til slutt hadde vi skrapa over 30 lodd. Moro!

Photobucket

Photobucket

Ja, og så må ikkje vi gløyme Baileys!
Han fotflørta med meg under bordet ;)

Photobucket

Og så fanga han mus! Det hadde vi IKKJE trudd!
Photobucket

Vel heime i Trondheim igjen var det tid for feiring av bursdagsbarnet Anna saman med flotte tauser. Det vart bowling med påfølgande øl og skitsnakk, perfekt! Photobucket

No har eg oppdatert verda der ute med bilder frå min sommar så langt. I morgon reiser eg til Italia der Henrik ventar på meg. 10 dagar med kjærast og gode vener skal gjere godt no etter snart ein månad utan Henrik-tid! Etter Italia vert det ein tur til Trøa der vi skal samlast til Trøa-festival med festivalkake, fisking, bading og natursti igjen :)


Fisketur

Sunday, 24.07.2011

Sist fredag fann eg fram fiskestonga mi, pakka sekken, grov meg ein boks med makk og rusla ned til elva for å prøve fiskelykka. Eg hadde ein flott tur i sol og pøsregn. 3 små puslingar beit på kroken og dei fekk alle sleppe fri igjen. Trass i mangel på fangst var det ein flott tur å ta med i minneboka for sommaren :)

Ikkje akkurat storfangst
Photobucket

Photobucket

Fint, ja?
Photobucket

Photobucket

Sola braut fram igjen etter ei voldsom regnskur, flott motiv!
Photobucket