Arkiv for ‘Glede’ kategorien


Fin jobbveke

Friday, 13.01.2012

Eg har hatt ei flott veke på jobb. Dagen i dag vart avslutta med ungar som kosa seg i snøen med matematikk-aktivitet. Dei har hatt om symmetri og symmetrilinje, og oppgåva var å lage symmetribilder med fargar. Sprayflaskene eg fekk frå jobben til mamma kom godt med! Ein dash måling i vatnet, og det vart sterke klare fargar i den kvite snøen. Ungane storkosa seg, nesten like mykje som meg!

Photobucket

Photobucket

Sist veke hadde vi Vennskapsveke på jobb. Ungane heldt på med hemmeleg ven og faddarsamarbeid i mange ulike aktivitetar. Denne veka har vi vaksne fått oss kvar sin hemmeleg ven. Min ven har vore veldig ven mot meg :)

Photobucket

Photobucket

Photobucket

No er det endele helg. Henrik har reist til Oslo på guttetur mens eg skal nyte eit par dagar med rettleg åleinetid. Etter ein deileg fredagsmiddag på Prego saman med Anna, gjekk vi innom Plantasjen for å finne oss nokre fint å pynte heimane våre med. Eg presterte å handle blomster for 500 kroner, jaggu godt det var lønningsdag i går. Det var på tide å få litt liv i vindauga og på hyller, så 4 grøne planter fekk vere med meg heim. ein ny vase, to buntar tulipanar og ein kvast blåbærlyng vart det òg. Det vart rett flott i gangen min. Bildet eg fekk i gåve frå Eric og Christine på bursdagen min har også kome opp. Det passa seg med litt fargar i gangen, og det bildet gjer meg rett og slett glad!

Photobucket

Photobucket

God helg!


Fine dagar

Monday, 9.01.2012

Januar har starta med mange fine dagar. Skogstur med båltenning både med jobb og med fine familiefolk, kafètur med rummy, kake og kaffi. Kaka kunne dei hatt for seg sjølve på Choco Boco Bakklandet, til helga skal eg bake mi eiga GODE gulrotkake! Henrik reiser til Oslo på guttetur (og eg gleeer meg!)!

Skogstur med jobben sist tirsdag
Photobucket

Bakklandet ein laurdagskveld
Photobucket

Photobucket

Nok ein skogstur med bål på søndag, herleg!
Photobucket


2012

Sunday, 1.01.2012

Godt nytt år til alle der ute!
Gler meg til eit nytt år med bilder frå turar,
opplevingar og kvardagsleder

Photobucket