Arkiv for ‘Glede’ kategorien


LilleMINX

Saturday, 31.03.2012

I dag har eg vore innom LilleMinx kulturverksted. Tidlegare denne veka fekk eg nemleg ei henvending frå ho som driv verkstaden/kafèen. Ho lurte på om eg kunne tenke meg å selge smekker hos dei. Sjølvsagt ville eg det! Etter litt improvisasjon med ei rame, eit omslag til takkekort og ein sølvpenn fekk eg laga meg eit lite skilt med informasjon. Alt vart fint dandert i ein krok i lokala, og no er det berre for alle som er i bygda å ta turen innom. God kaffi, mange freistande kaker og smilande vertskap gjer besøket til ei glede i kvardagen. Flott at nokon tek initiativ til å ha ein slik møteplass. Støtt opp folkens!

Heimelaga skilt i vindauget, sjølvsagt
Photobucket

Innbydande inngangsparti
Photobucket

Photobucket

Klare til å danderast utover
Photobucket

Photobucket

Photobucket


Hemmeleg ven

Thursday, 19.01.2012

I dag tidleg vart eg overraska av kø på jobben, takka vere min hemmelege ven. Denne køa fekk meg til å smile…

Photobucket


Fantastisk veke

Tuesday, 17.01.2012

Min hemmelege ven hadde lagt att eit lite visittkort i hylla mi etter undervisninga i dag. Eg har ein ganske sterk mistanke om kven det kan vere, så det blir spanande å få høyre når fredagen kjem!

Photobucket

Ha ei fantastisk veke du óg!