Arkiv for ‘Gjenbruk’ kategorien


dagens utflukt

Wednesday, 8.07.2009

Kika ut då eg vakna i dag, gråe skyer og duskregn, kva skulle eg finne på? Eg har lenge vore fast lesar av bloggen til ContainerGirl, og har hatt veldig lyst til å stikke innom for å finne meg ein skatt i butikken hennar. Sekken vart pakka med regnbukse, fotoapparat og niste, så bar det avgårde for å finne den fine butikken.

Eg og sykkelen ventar på toget

Sekk og hjelm må vere med

Framme i Stjørdal

Utsikt mot Værnes

Endeleg eit skilt eg kjende att frå bloggen!

Litt etter fann eg butikken òg!

Eg fann ikkje så mykje som freista, men ei fin glas-skål med lok fekk vere med meg heim. Eg har ferie og all verda med tid, så då eg var ferdig i butikken tok eg turen inn til "sentrum". Drakk kaffe og åt ein god lunsj på Egon, kosa meg gjorde eg!!

God kaffe med krem og sjokoladedryss

Kylling i pitabrød

Vel heime fekk skåla plass i det flotte skapet vårt

…i hylla saman med favorittskåla mi :)


nye kupp på gjenbruksbutikken

Monday, 22.06.2009
Endå fleire små-bøker, no har vi 49!

Nye dukar til nattbord og pult

Snacks-skål med 3 rom

2 store koppar til kaffe med krem :)

Alt til den nette sum av… 135 kroner :D

Og så måtte eg innom butikken på hjørnet og kjøpe meg lunsj. Nysteikte vårrullar, rett frå gryta, og sursøt saus.


gjenbruksbutikken

Thursday, 11.06.2009

Eg svippa innom gjenbruksbutikken på Lade i dag, og jammen vart det mykje for pengane. Gjenbruk er fint, i allefall når andre folk nærast gir vekk det eg vil ha :)

Ei bøtte duplo for 40 kroner, nyvaska og klart til bruk

To rangler som òg var inkludert i prisen på duploen. Nyvaska, nykokt, nyvaska igjen og til slutt nykokt.

150 kroner for 12 små bøker….

…og 24 store :)