Arkiv for ‘Geocaching’ kategorien


Jobbgleder

Saturday, 17.09.2011

Dagane på jobb er lange, travle, kjekke og spanande. Hittil dette skuleåret har eg lært utruleg mykje, om ungar, om foreldre, om skulestruktur, og ikkje minst om meg sjølv. Eg har bilder frå fleire veker tilbake eg har lyst til å dele, men det får bli etter ein avslappande bytur med kaffi og kanskje litt handling av nye haustkle. Henrik er på jakt-tur denne helga, og eg nyt åleinetida mi til det fulle :) Her er nokre bilder som viser litt av det eg held på med på jobb om dagane.

2. trinn var på tur til Sprengberget
Photobucket

Photobucket

Elevane leita tak i plantar, soppar og blad som vi etterpå artsbestemte. Ungane var så ivrige i plukkinga at det nesten var umogleg å stoppe dei.
Photobucket

Photobucket

Eg prøvde å sei at ein av kvar art var nok, men då dei fann kantarellar var beskjeden min gløymt…
Photobucket

Eg har hatt med ein elev på geocaching
Photobucket

Vi har leika med krit på asfalten i skulegarden
Photobucket

Eg har laga memokort med dyr og plantar, sjølvsagt laminerte
Photobucket

Og så har eg vore i Ringve botaniske hage med 7. trinn
Photobucket

Her var det omvisning med påfylgjande natursti
Photobucket

Photobucket


The castle of Bibola

Thursday, 1.09.2011

Jacopo hadde vore i Ameglia-området tidlegare, og ville vise oss The castle of Bibola. Det gjorde han rett i! FOR ein fantastisk plass! Kameraet mitt får ikkje fram kor praktfult det var å oppleve denne plassen. Utsikta var upåklageleg, så uendeleg mange detaljar å ta bilde av, og det var til og med ein skatt der oppe. Sjå og nyt!

Vindruer
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Lenge sidan nokon tørka støv?
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Fyttiglisen kol smalt! Eller kva, Erlend?
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Henrik fann skatten
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Magisk! Mitt favorittbilde frå heile turen
Photobucket

Vi avslutta kvelden med middag på denne restauranten. Det skulle vise seg å vere kjekt å ha med ein lokalkjend italienar. Her fekk vi servert ein lokal rett, ei slags pannekake laga på innvikla vis, med forskjellig tilbehøyr. Pesto, tomatsaus, olivenolje og parmesan, ulike skinker og ostar. Pesto var min favoritt, mmm!

Photobucket


Amsterdam dag 1

Wednesday, 25.05.2011

Sist laurdag reiste altså eg og Elin til Amsterdam for nokre dagar. Sidan Sverige er det einaste europeiske landet eg har vore i, utanom Norge, var det på høg tid eg kom meg ut på tur.

Flyet vårt frå Værnes var ein halvtime forseinka, så då vi landa på Gardermoen stod flyet til Schiphol og venta på oss. Vi tok like gjerne dagens trimøkt og sprang gjennom heile Gardermoen på rekordtid. Det vart ein frisk start på turen, kan du seie.

Flymat. Ikkje spesielt fristande, men nødvendig
Photobucket

Vi landa på Schiphol, og kom oss inn i terminalen. Eg kjende meg faktisk att etter dei mange timane eg og Henrik rusla rundt der før Thailand-turen vår i fjor sommar.
Photobucket

Vi fekk kjøpt oss togbillettar og fann fram til rett plattform
Photobucket

Første møte med Amsterdam
Photobucket

Vi fann fram til hotellet, Mövenpick Hotel Amsterdam
Photobucket

Vi hadde eit stilfullt og fint rom
Photobucket

Photobucket

Upåklageleg utsikt hadde vi og, frå 16. etasje
Photobucket

Legg merke til damplokomotivet
Photobucket

Vi fann oss ein trikk og trikka avgårde (eit stopp :p)
Photobucket

Vi rusla og gjekk for å finne oss ein passande restaurant til middag. Flotte gater!
Photobucket

Hus og fasadar som ikkje likna noko anna eg hadde sett før…
Photobucket

Vi fann oss ein liten koseleg indisk restaurant som serverte nydeleg god mat. Interiør, miljø, betjening og mat bar preg av å vere autentisk
Photobucket

Etter maten gjekk vi på skattejakt, og i ein søt liten oase av ei gate fann vi vår første (og einaste) geocache på turen
Photobucket

Photobucket

Vi rusla ei stund til før vi kjende på trøytten og kom oss tilbake til hotellet for natta.