Denne herlege hausthelga er dessverre over, men heldigvis var ho med på å fylle opp energilageret for neste veke. Fredag sende eg Henrik ut med gode kollegaer medan eg sjølv laga meg ein deileg middag før eg slokna på sofaen. Laurdag stod eg opp til ein ekte laurdagsfrukost à la Henrik, perfekt start på dagen med andre ord. Eg var på ein lang geocaching-tur saman med Anna, og jammen runda eg ikkje 100 funne skattar!
Anna og eg var innom Leangen Gård

Hit skal eg ta med mamma når ho kjem oppover før jul!

Til laurdagsmiddag laga Henrik steikt ris med marinert ytrefilet av svin, mmM! Medan Henrik, Brage og Eirik tok seg ein tur til Kobberdammen for å tørrtrene litt med fiskestanga, laga eg meg ein deileg frukost. Heimelaga appelsin, gulrot og jordbærjuice vart det også, forfriskande. Etter frukost pusla og stelde eg litt. Stakkars heimen vår har vorte litt forsømd den siste tida. No er eg endeleg frampå igjen, og eg kan kose oss med fyr i omnen og tv-kos utan å tenkje på alt eg skulle ha gjort.
Etter ein liten tur ut på ein ny asiatisk restaurant, Moon Asian Cooking, tok Henrik turen til ein kompis medan eg har kosa meg med MasterChef Australia, alvorlege mengder tende telys og sjølvsagt fyr i omnen. I morgon startar ei ny veke og etter jobb skal eg treffe verdas beste Elin over ein kopp Eplekake-latte.
-Eg gler meg!-