Arkiv for ‘BookCrossing’ kategorien


Rusletur

Tuesday, 30.03.2010

Eg og Henrik har rusla og gått i nesten 4 timar i herleg påskevèr i dag. Sei kva du vil, men bypåske kan vere flott det òg! Hytte- og fjellturar passar meg betre på sommarstid når graset er grønt og naturen har vakna til liv att.

La ut ei bookcrossingbok til, denne gongen i eit buss-skur på Buran
Photobucket

Photobucket

Vi stoppa på Dromedar for kvar sin kaffe
Photobucket

Vi fann vår første geocache! Tok ut ein mynt, la i ein button
Photobucket


BookCrossing

Monday, 29.03.2010

I dag fekk eg registrert og lagt ut to BookCrossing-bøker. Eg la ei på en benk inne på City Lade, og ei under jernbanebrua ved Lilleby smelteverk. Håpar dei som finn bøkene registrerer dei og legg dei ut att.

Photobucket