eBay

Nattamming og eBay er ein skummel kombinasjon. Heldigvis er eg fornuftig i halvsøvne, så det er ikkje dyre ting som dumpar ned i postkassa etter nattlege handlerundar. Denne gongen kom denne tøffe giraff-smekka som kosta 20 kroner.

Er ho ikkje søt?
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Og i dag, då eg var innom Babyshop for å kjøpe ei biteleike til Johannes, oppdaga eg at dei sel akkurat dei same smekkene der! Kva er oddsen? Det fine er at medan eg betalte 20 kroner for mi, HER, skal Babyshop ha 80!

Photobucket

Giraff-biteleike. Likar eg giraffar tru?
Photobucket

Legg igjen ein kommentar