Babycall

For eit par veker sidan kjøpte vi oss babycall, ein Philips Avent Videomonitor. Vi hadde vel eigentleg bestemt oss for at vi ikkje hadde bruk for det sidan vi har ei såpass lita leilegheit, men du kor kjekt det er! No kan vi nyte middagen på kjøkkenet medan Johannes søv i senga si, utan å føle at vi må gå og sjekke om han søv. Og ikkje minst så kan eg dusje og ordne meg utan å stresse fordi eg ikkje veit korleis han har det.

Photobucket

Photobucket

Henrik kjøpte veggfeste på eBay
Photobucket

Photobucket

Og så har vi mykje moro med å sjå kva han gjer når vi ikkje er der

Ein kommentar til “Babycall”

  1. Anna says:

    Lille turnaren :-)

Legg igjen ein kommentar