Tida flyg!

Det er altså utruleg kor fort tida går! Johannes er 11 veker i morgon, og neste veke er det 3 månader sidan vi vart ein familie på tre. Sidan sist har Johannes vore på sin første flytur og sitt første besøk heimheim til Mormor og Besten. Mormor hadde vaska vår gamle seng, og lagt på sengetrekket eg hadde då eg var lita. Vår gamle voksipose var vaska og lagt fint opp i arva vogn slik alt var klart for trilleturar der eg vart trilla for nokre (få?) år sidan.

Johannes har vore på sin første (av mange?) køyreturar i Onkel Erlend sin raude golf og han har lurelånt sykkelen til Besten – stor stas! Og så så mykje dull og kos frå Tante Silje og Mormor! Vi storkosa oss, både eg og Johannes, og gler oss stort til neste besøk. Men før den tid må vi prøve å få alleihop på besøk til oss…
kjem dokke snart?

Johannes digga Onkel Erlend sin gamle babygym
Photobucket

Baileys lurte på kva for ein skapning som hadde kome i hus
Photobucket

Johannes gav oss nok ein god latter då han tissa på Mormor, herleg!
Photobucket

Etter turen heim bar ut på nok ein flytur for meg og Johannes, denne gongen var målet gamletantebesøk i Bærum, Oldefarbesøk på Haugerud og dåpsfest til Sebastian. Vi hadde eit par flotte dagar og det var stas for oss å vise fram vår store stoltheit til alle som ville helse på.

Mandag 4. februar var Johannes 2 månader, og vi ut på den første lange køyreturen hass. Turen tok heile 10 1/2 time med tre lengre stopp. Johannes søv størsteparten av tida i bilen og imponerte oss stort med si uthaldenheit når det var eit stund til neste stopp.

Photobucket

I dag er det tid for babysvømming i Pirbadet, og vi gler oss til å sjå korleis Johannes trivast i vatnet. Han likar veldig godt å bade i baljen sin, så det lovar godt. Vi vil verkeleg at han skal både vere trygg og trivast i vatn, så eit slikt kurs er vel nytta tid og pengar. Vi gler oss!

2 Kommentarar til “Tida flyg!”

  1. Mamma / Mormor says:

    Kjekt tilbakeblikk frå første besøket hos Mormor og Besten! Det hadde vore kjekt å tatt seg ein tur og besøkt dokke snart…

  2. Gunhild says:

    Dokke kjem vel snart tenkjer eg…Eller vi kjem heimatt ;)

Legg igjen ein kommentar