Bakedag

I dag har eg hatt brødbakedag igjen. Frysaren har vore tom nokre dagar og vi har ete kjøpebrød. På tide å bake med andre ord. Eg brukte same andel grovt og fint mjøl, og same andel frø. Forskjellen får sist gong var at eg hadde i litt kesam- og fløyterestar vi hadde ståande i kjøleskapet, i tillegg hadde eg i eit par egg.

Sist pensla eg brøda med egg for å få frøblandinga til å sete, noko som resulterte i at brødet vart “limt” fast i kanten på forma. Brødet heva alstå ikkje så mykje som eg forventa. Denne gongen prøvde eg å pensle med smelta smør… ikkje vellukka! Frøblandinga sat så laust på at eg berre kosta ho av. Neste gong blir det brød utan frø oppå.

Før steiking
Photobucket

Avkjøling på rista eg har etter Mormor
Photobucket

Eg har allereie smakt på rundstykka, og dei smakte fortreffeleg!

Legg igjen ein kommentar