Archive for January, 2013


Bakedag

Wednesday, 23.01.2013

I dag har eg hatt brødbakedag igjen. Frysaren har vore tom nokre dagar og vi har ete kjøpebrød. På tide å bake med andre ord. Eg brukte same andel grovt og fint mjøl, og same andel frø. Forskjellen får sist gong var at eg hadde i litt kesam- og fløyterestar vi hadde ståande i kjøleskapet, i tillegg hadde eg i eit par egg.

Sist pensla eg brøda med egg for å få frøblandinga til å sete, noko som resulterte i at brødet vart “limt” fast i kanten på forma. Brødet heva alstå ikkje så mykje som eg forventa. Denne gongen prøvde eg å pensle med smelta smør… ikkje vellukka! Frøblandinga sat så laust på at eg berre kosta ho av. Neste gong blir det brød utan frø oppå.

Før steiking
Photobucket

Avkjøling på rista eg har etter Mormor
Photobucket

Eg har allereie smakt på rundstykka, og dei smakte fortreffeleg!


Me Too

Monday, 21.01.2013

I helga var Tante Silje og Onkel Erlend her for å helse på Johannes. Dei hadde med ein body og ei sparkebukse av merket Me Too. Mjuke, deilege kle som er kjempefine. Berre så synd dei er vanskeleg å finne..

Photobucket


Første bytur

Sunday, 20.01.2013

På torsdag vart det både første busstur og første bytur på Johannes. Det gjekk strålande å ta buss og det var ikkje noko problem å ha med søveguten på trilletur i byen. Han vart sjølvsagt svolten, og klarte å fylle bleia to gongar, men det var heldigvis medan vi var med legen. Johannes sjarmerte både den eine og den andre slik at vi var så heldige å få låne skiftestova til mating og bleieskift. Alternativet var på golvet på eit lite og skitent do, så flaks for oss at Johannes er ein sjarmis!

Klar, ferdig, buss!
Photobucket

Vi rusla ein tur innom Nordre på veg til legen
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Etter legebesøket tok eg ein lang omveg inn til byen for å få bevega meg litt og for at Johannes skulle få søve litt ute i frisk luft. Bonusen vart at eg fekk tatt litt turbilder igjen etter lang tids tørke! Vi gjekk over brua til Trondheim spektrum, langs Nidelva, over Elgsæterbrua forbi Nidarosdomen og inn til midtbyen der eg fekk kika litt i eit par butikkar før vi tok bussen heim.

Kjempeflott trillevêr, heilt klar luft og sola som varma litt
Photobucket

Utsikt mot Ila kyrkje
Photobucket

Elgsæter bru og Samfundet
Photobucket

Festninga i vintersol
Photobucket

Og Nidarosdomen i vintersol
Photobucket

Photobucket

Jammen fekk eg ikkje vere med på eit bilde eg og!
Photobucket