Archive for December, 2012


Desember 2012

Monday, 31.12.2012

Desember har jammen vore ein roleg nett-månad, akkurat som resten av 2012. 4. desember kom skatten vår Johannes til verda, 3090 gram og 49 cm lang. Eg storkosar meg som mamma (og Henrik som pappa), men tida vår blir prioritert litt annaleis no, naturleg nok. Johannes er ein fornøgd gut som veks og forandrar seg frå dag til dag – tenk for ei spanande tid vi har framføre oss! 2012 enda på flottast mogleg måte med den beste julegåva ein kan tenke seg, og 2013 blir nok eit fantastisk år med opplevingar og milepælar som vi kjem til å minnast for resten av livet. Johannes blir foreviga med bilder og film kvar einaste dag, og lykkelege besteforeldre, oldeforeldre, tanter og onklar gler seg over kvardagsøyeblikka saman med den lille familien vår.

Eg har samla nokre bilder, nokre glimt frå desember og frå vår første jul som 3-saman, som eg vil dele med alle som kikar innom. Vi får håpe at eg får tid og ork til å dele kvardagsglimt det komade året, og at de jamt og trutt får bli med meg og Johannes på trilleturar, heimreiser og andre opplevingar gjennom året.

Takk for året som har gått, velkomen 2013!

Juleglimt 2012

Kvepsebola vart laga i november, men høyrer jula til. Eg har tydeleg planlagt godt, for i dag, siste dagen i året, er det eit kvepsebol igjen! Gjet om eg skal kose meg med det i kveld! Nytt av året er at vi har fått oss to fine kakeboksar etter Henrik si oldemor på Smøla – fantastisk!
Photobucket

Oldemor-kakeboksen
Photobucket

Eg fekk laga meg eit “julefat”, akkurat slik eg hadde sett det for meg
Photobucket

1. desember tende eg adventsstaken på kjøkkenet
Photobucket

…og leita fram julebrus og peparkaker
Photobucket

Photobucket

Brage, Hannah og Eirik kom på peparkakehuspynting
Photobucket

Eg og Henrik laga peparkakehjarter med bokstavane våre på. Johannes sitt hjarte hengde Henrik høgtideleg opp då vi kom heim frå sjukehuset 7. desember ♥
Photobucket

Lille-julaftan kom finaste nissefamilien fram:
Nissemor, nissefar og lille nisseguten

Photobucket

Vi pynta vårt første juletre
Photobucket

Eg henta pakke på posten med julegåver til Johannes og uhorvelege mengder julesnop, mamma-blad, deilege sokkar og mykje anna. Takk snille!
Photobucket

Julaftan starta med rista mammabrød med syltalabbar.
Takk mamma og pappa!

Photobucket

Julaftan vart feira på Angeltrøa saman med fine Henrik-familien. Ikkje det same som å vere heime-heime, men eit særs godt alternativ. Johannes var ein engel og søv nesten heile kvelden, vi fekk ikkje eingong pynta han før kvelden var nesten over. Ikkje ensa han julegåveåpning og entusiasme-hyl frå ein ivrig 3 1/2-åring og ikkje brydde han seg med at han vart flytta frå armkrok til armkrok. Sjarmtrollet vårt!

Eg hadde sjølvsagt pinnekjøt til julemiddag, medan dei andre åt svineribbe
Photobucket

Finaste julegåva fekk eg av Henrik, akkurat som ønska – Our gift!
Photobucket


Peter Pan-servise

Monday, 3.12.2012

For ei tid tilbake vurderte eg å abonnere på Foreldre&barn. I oktober var innmeldingsgåva eit flott servise frå Porsgrund, og sidan eitt års abonnement kosta omtrent det same som om eg skulle ha kjøpt serviset sjølv, vart det eit lett val. Foreldre&Barn kjem i posten ein gong i månaden, og Lisjen i magen får seg eit kjempefint servise!

Photobucket

Fat
Photobucket

Kopp
Photobucket

Skål
Photobucket

Heile serviset
Photobucket