Archive for October, 2012


Pizzabrød

Sunday, 14.10.2012

Henrik har testa mange ulike pizzadeigoppskrifter den siste tida, og etter å ha ete pizza tre gongar på ei veke var det på tide å teste ut noko anna. Det enda i pizzabrød med parmesan og maldonsalt, “breadsticks” med parmesan, maldonsalt og pepar,
og “breadsticks”med pesto.
Eg laga forfriskande tzatziki til å dyppe brødet i.

Mmm! Perfekt søndagskos for 2, snart 3…
Photobucket


Siste smekkeproduksjon

Sunday, 14.10.2012

Då legg eg ut siste smekkeproduksjon for sal. Det ligg også att nokre frå sist gong, dei finn du her! og her!. Eg skal ta med smekkene på jobb no til veka, så samleinnlegg får kome når eg ser kva som er att etter det.

Husk! Når du får smekkene har eg vaska dei på 30 grader og dei fått ein omgong med strykejarnet. Dei er vendbare med flott mønster på eine sida og einsfarga fleece på den andre, med mindre anna er oppgjeve. Alle smekkene har to knappar og kan justerast i størrelse rundt halsen. Prisen er 85 kroner pr. stk + evt porto. Legg att ein kommentar om du kunne tenkt deg å sjå nærare på dei, eller allereie har bestemt deg for å kjøpe!

Fargerike ugler, Kvit fleece på baksida, kvit saum
Photobucket

Fly på kvit bakgrunn, kvit fleece på baksida, kvit saum
Photobucket

Jungeldyr, kvit fleece på baksida, beige saum
Photobucket

Kvite stjerner på blå bakgrunn, kvit fleece på baksida, kvit saum
Photobucket

Kvite stjerner på grøn bakgrunn, kvit fleece på baksida, grøn saum
Photobucket


Storhandling

Thursday, 11.10.2012

I dag har eg, Henrik, Silje og Erlend vore på storhandling. Lisjen i magen har fått seg litt kle, vi har kjøpt litt babyutstyr, og eg har fått meg bursdagsgåver. Ja, og så har eg fått kjøpt eit par julegåver! Lunsj vart det på oss også, så vi har hatt ein rett fin dag saman :)

Stellematte har kome i hus!
Photobucket

Photobucket

Heilt nøytral, svart, enkel stelleveske – akkurat som ønska!
Photobucket

Pappaen kjøpte ein tøff Newbie onepiece til lisjen…
Photobucket

…og mammaen kjøpte ull
Photobucket

Bursdagsgåve frå Erlend og Silje
Photobucket

Bursdagsgåve frå Lars Olav
Photobucket

Bursdagsgåve frå Mamma og pappa
Photobucket

No er alt rydda på plass, sengesettet er til vask (for det skal eg teste ut i natt), Henrik har slokna i senga (etter ein heftig shoppe-dag for hans del), og eg skal sløve på sofaen ei stund.
Haustferie er i grunn ganske så fint!