Archive for September, 2012


Nye smekker til sals

Tuesday, 25.09.2012

Dagens produksjon!
Photobucket

Husk! Når du får smekkene har eg vaska dei på 30 grader og dei fått ein omgong med strykejarnet. Dei er vendbare med flott mønster på eine sida og einsfarga fleece på den andre, med mindre anna er oppgjeve. Alle smekkene har to knappar og kan justerast i størrelse rundt halsen. Prisen er 85 kroner pr. stk + evt porto. Legg att ein kommentar om du kunne tenkt deg å sjå nærare på dei, eller allereie har bestemt deg for å kjøpe!

Fargerike ugler, oransje fleece på baksida, kvit saum
(SELD)
Photobucket

Lille larven aldri mett, kvit fleece på baksida, kvit saum
Photobucket

Jungeldyr på kvit bakgrunn, kvit fleece på baksida, kvit saum
(SELD)
Photobucket

Sirklar på svart bakgrunn, grøn fleece på baksida, grøn saum
Photobucket

Alle smekkene har sjølvsagt guve-merket mitt på
Photobucket


Smekker til babyen

Tuesday, 25.09.2012

No har eg henta ned symaskina og sydd litt igjen. Eg har så smått tenkt på at vi treng smekker til vår eigen lille skatt kjem til verden, så i dag laga eg eit par som eg ikkje legg ut for sal.

Bilar og ugler i fine fargar!
Photobucket

Photobucket

No må eg snart få rota meg til å kjøpe meir stoff også. Eg tek gjerne mot tips om gode nettbutikkar!


Babypakke

Sunday, 23.09.2012

Eg har fått babypakke nummer 3 i hus, denne gongen fekk eg tak i den frå Vitus Apotek. Det har ikkje vore mogleg å bestille denne pakken på lenge, men her ein dag såg eg at dei skreiv på FB-sida si at det berre var å spør etter han på næraste apotek. Det var ikkje mykje nytt i denne pakken, men stor utgåve av dusjsåpe og bodylotion til mor kjem nok godt med. Luksus i kvardagen får eg ikkje nok av trur eg.

Photobucket

Innhaldet i pakken
Photobucket

Photobucket