Archive for August, 2012


Babykle og jordmor

Monday, 27.08.2012

Jada, det vart da vasking av babykle i går… Ulla vart skylt opp for hand, resten vaska på 60 grader og tørka i trommel. Du kan tru det var koseleg å stå ved stellebordet og brette bitte små babykle :)

Første maskin
Photobucket

Ulla heng til tørk
Photobucket

Vaska, tørka og bretta
Photobucket

Handdukar, gulpeklutar og vaskeklutar
Photobucket

I dag hadde eg time med jordmor, og Henrik var sjølvsagt med. Alt står bra til med både mor og barn. Kjekkast av alt var å få høyre hjarteslaga igjen :) Eg har ein liten kung fu baby i magen, men trass i at eg kjenner spark og romstering kvar dag, var det veldig fint å høyre hjartet slå!

Sidan natta ikkje akkurat var den beste, med haudverk og særs lite søvn, bar det rett heim etter jordmortimen. Dagen har gått med til avslapping på sofaen, med strikking og lesing som hovedsyssel.

Photobucket

Endeleg har eg kome i gong med blåfargen
Photobucket

Kveldskos vart det òg!
Sunt snacks og sjølv-laga juice av appelsin, gulrot og ingefær

Photobucket


Sylting

Monday, 13.08.2012

Siste dag i sommarferien har blitt brukt til husmor-oppgåver som eg skulle via tid til tidlegare. Dagen starta med at alle vindauga våre fekk seg ein skikkeleg vask, både innvendig og utvendig. Etter ein triveleg lunsj med Elin, var ho så ven at ho vart med meg og kjøpte jordbær og bringebær til sylting. Jammen bar ho dei ikkje til bilen og køyrde meg heim også! Tusen takk snille Elin!

Photobucket

Eg bar inn bæra og rusla til Lade for å kjøpe sukker, frysepulver og beger til å ha herlegheita i. På veg heim tenkte eg å prøve ein snarveg, og der fann eg meg eit par boksar villbringebær også.

Photobucket

Ripsbuskene i hagen bugnar av bær, og sidan den beste sylta er den med både bringebær og rips, måtte eg ut og plukke meg ein halvkilo til å blande med bringebæra. Sylta vart laga og no er hausten og vinteren sikra.

Photobucket

Medan sylta fekk godgjort seg litt, tok eg fatt på avriming av frysaren på loftet. Han har ikkje vorte avrima sidan han kom i hus for tre år sidan, så eg fylde ei 10-liters-bøtte med vatn og is!!

Pakka og klar til frysing
Photobucket

Merka på ekte husmor-vis
Photobucket

Nokre små boksar vart også fylde med sylte. Dei skal få vere med meg på jobb utover hausten når anna pålegg ikkje freistar.

Photobucket

Kveldsmaten i dag vart nysteikte rundstykke med nyrørt sylte, og etter ein lang med konstant aktivitet var det utruleg godt å senke føtene i eit varmt fotbad!!


Babyteppe

Monday, 13.08.2012

I dag har eg vaska babyteppet eg kjøpte for eit par veker sidan. Aller første maskin med babyting i, og eg må innrømme at det er stas!

Photobucket

Photobucket

Til tørk på loftet
Photobucket

Vaska, tørka, bretta og på plass i kommoden på badet
Photobucket