Eg gjekk gjennom Kongens park igjen

Eg oppdaga at rett ved kongens park låg øvingsplassen til garden

Her står dei klar til øving, noko som såg meget kaldt ut

Vaktbua kunne minne mistenkjeleg om ein utedo

I den botaniske hagen hadde våren vist sine første teikn

Sjølv om våren hadde vist seg litt, trur eg det er finare her i juni

Observatoriet, som vart bygd som erstatning for Rundetårn i 1861

Min siste geocache i København, for denne gong

Sett på min veg: eigne spor til syklar

Så var det tid for lunsj på Rizraz. Kjempegod buffet med allverdens vegetarrettar!

No er eg klar til avreise. Eg har bestilt meg taxi til togstasjonen og derifrå skal eg ta toget til Kastrup. Eg er ute i veldig god tid, men føtene mine er så sletne etter all gåinga at eg ikkje orka meir enn ei knapp mil i dag. Dessutan er det Starbucks på Kastrup!
Trass i ein laber dag i dag har eg både sett og opplev mykje på denne lille turen min. Å reise åleine har ikkje vore det minste skummelt, slik eg trudde det skulle vere. Det har rett og slett vore fantastisk å kunne gjere som eg ville, heile tida.
Takk for meg København!























ROOOOOP
Ja men..snøklokkene e neeesten like langt komne her! Kom å sjå da….
Tusen takk for sight-seeingane i København!
Takk for turen! Kjekt at du dele so mange bilde og opplevelsar med oss som ikkje var der fysisk :-D
Kanskje det blir tur på meg óg, ein dag?!
Du er ein inspirator!