Etter 8 timar, 2 mil, 7 geocachar og 150 bilder på kameraet var eg tilbake på hotellrommet. Eg har sjølvsagt hatt nok ein god dag med mange fine opplevingar. Dagens første mål var Kastellet og Den lille Havfruen.
Litt meir dystert vêr i dag


Dagens første geocache fann eg eit lite stykke frå Den lille Havfruen


Hustrig?

Frose fast?

Eg gjekk innom denne delikatessebutikken

Skal det vere litt sjokoladesushi?

Eller sjokoladetapas?

Lunsj

Eg gjekk meg på den norske ambassaden også

Ikkje gatekunst, men meir som smugkunst

Syklar er det overalt, nesten like mange som i Amsterdam

Nok ein skatt. Danskane ser ut til å vere store på filmboksar

Hey, ein sykkel til. Denne gongen: med skilt på!

Her er det ikkje sykkelen som er det store poenget

På slaget 12 gjekk eg tilfeldigvis forbi den danske kongefamiliens vinterresidens, Amalienborg. Vaktskiftet var rett imponerande å sjå!


I Norge må ein blåse glas, her i Danmark held det å puste

Nordisk frøkontor, seriøst?

Moses fylgde straumen, men møtte ei ny type hindring København: isen…

Eg fann Det kongelige biblioteks hage


…og i hagen sat sjølvaste Søren Kierkegaard…

…og passa på ein skatt

Rett rundt hjørnet møtte eg denne karen

Han passa på denne skatten. Og sjå, SOL!

Det næraste eg kom tivoliet denne gongen

Til inspirasjon Trondheim kommune!

Var det eit slikt bakverk du tenkte på Torunn?

Eg kjøpte meg ei nysteikt, varm pannekake med sukker og kanel


Cafè Retro!


Nok eit fascinerande flott spir

Jaha?
(wikipedia: “stiftelse for gamle trængende søfolk og deres enker”)

Nok ein filmboks…

…med fiffig innhald! Sjekk den logg-”boka”!

Eg fann fram til Spiseloppen


Takk for tipset Jannicke! Maten smakte utmerket!

“You are now entering the EU”

Etter middag rusla eg altså tilbake til hotellrommet. Føtene mine treng sårt nokre timar utan sko og utan asfaltdekke. Kva skal eg finne på i morgon tru? Eg har heile dagen på meg, for flyet heim går ikkje før klokka 21.00!
