Kvart over 8 i dagtidleg rusla eg oppover Nordre. Ein liten tur innom Godt brød og ein liten tur innom Dromedar måtte til for å gi meg ein herleg start på morgonen. Aniskringle og Sweet Chili-kaffi på ein benk utanfor Vår frues kyrkje = torsdagsmorgonlykke!


Kvart på 9 var eg på plass i Fylkestingsal A for å vere med på Strømsparegris-kurs. Vi fekk innføring i korleis vi skal sjekke energiforbruket på skulen vår, og korleis vi kan bruke det i undervisninga. Eg har fått ansvaret for å drive miljørådet på skulen, og miljø-elevane mine skal få lære å bruke dei same verktøya som eg brukte i dag. Vi skal optimalisere energisparinga på skulen slik at vi sparar pengar, og miljøet! Vi fekk også besøk av ein kar frå vitensenteret som sette oss i gong med å lage ei kulebane og ein bil. Vi vart delt i tre lag, to herrelag og eit damelag. Målet var å få bilen til å gå lengst mogleg ved hjelp av ei kule.
Vi måtte lage vår eigen bil


Klar til avgang…


Sjølvsagt var det damelaget som vann!

Eg fekk også med meg ein fin koffert med undervisningsopplegg om energi for småskulen. Gler meg til å teste ut ein del av forsøka med småttisane mine!
Ida og Markus får ting til å skje

Potetvannhjul

Enkel kobling med batteri og lyspærer
