Archive for September, 2011


Smekker

Thursday, 29.09.2011

I går starta eg opp symaskina igjen, og resultatet vart kjempebra! (om eg må seie det sjølv). 5 smekker, 4 ulike mønster. Eit par av dei er allereie lova vekk til ei på jobb til 85 kroner stykke.
Kanskje blir det litt meir sal framover?

Photobucket

Mine favorittar denne gongen, fiiine stoff!
Photobucket


God morgon!

Monday, 26.09.2011

Eg vakna opp til denne fantastiske himmelen i dag!

Photobucket

Photobucket

Ha ein flott dag allesaman :)


Søndagssysler

Sunday, 25.09.2011

Symaskina mi har fått bryna seg litt i dag også. Henrik har hatt lyst på ein slags bean-bag som støtte til kolba på rifla når han driv med skyting på bane. Tidlegare i veka tok vi turen til Stoff og stil for å finne material til ei slik pute. Vi fann stoff, tråd, reim og plastgranulat, altså alt vi trengde.

Eg tok ikkje bilder før eg kom så langt at det var klart for å fylle opp puta.(Ho var nemleg ikkje så lett å sy som eg hadde trudd!)
Photobucket

Photobucket

Photobucket

Nesten klar til bruk. Vi mangla ein pose eller to med granulat, så eg får vente med å sy att til vi har fått tak i meir
Photobucket

Eg har sydd dette fine skjerfet med blå bil på til Brage. Eg skal lære meg å lage skjerf med framstykket større en bakstykket slik at det får litt meir skjerf-preg. Dette vart likna litt vel mykje på ei smekke…
Photobucket

Brage fekk seg også ein oransje buff med kameleonfigurar på, knalltøff!
Photobucket