Og slik skal det vere i lang tid framover.
På torsdag leverte eg frå meg nøklane til gamlejobben

Fredag skreiv eg ny kontrakt på FAST JOBB i Trondheim kommune

Eg fekk nye nøklar og ein flott perm med informasjon om den nye skulen min!

Rett etter å ha signert kontrakta tok eg turen innom Ticket reisebyrå og booka sommarens første utanlandstur. Onsdag reiser eg, Maria og lille Helena til Rhodos for ei veke. Eg har allereie handla inn solkrem, sommarkjolar og lesestoff, og alt var pakka i kofferten i går ettermiddag :)
Det har seg slik at eg no må sende frå meg min kjære mac. Erlend og frua skal ta han med seg heimheim slik han står der og ventar på meg når eg kjem. Eg reiser nemleg rett heimheim etter Rhodos-turen, og når eg skal til Trondheim att, det er det ingen som veit :) Ha ein flott sommar alle saman! Kanskje kjem det eit og anna innlegg, men kan ikkje love!























