Flyet vårt frå Værnes var ein halvtime forseinka, så då vi landa på Gardermoen stod flyet til Schiphol og venta på oss. Vi tok like gjerne dagens trimøkt og sprang gjennom heile Gardermoen på rekordtid. Det vart ein frisk start på turen, kan du seie.
Flymat. Ikkje spesielt fristande, men nødvendig

Vi landa på Schiphol, og kom oss inn i terminalen. Eg kjende meg faktisk att etter dei mange timane eg og Henrik rusla rundt der før Thailand-turen vår i fjor sommar.

Vi fekk kjøpt oss togbillettar og fann fram til rett plattform

Vi fann fram til hotellet, Mövenpick Hotel Amsterdam

Vi hadde eit stilfullt og fint rom

Upåklageleg utsikt hadde vi og, frå 16. etasje

Legg merke til damplokomotivet

Vi fann oss ein trikk og trikka avgårde (eit stopp :p)

Vi rusla og gjekk for å finne oss ein passande restaurant til middag. Flotte gater!

Hus og fasadar som ikkje likna noko anna eg hadde sett før…

Vi fann oss ein liten koseleg indisk restaurant som serverte nydeleg god mat. Interiør, miljø, betjening og mat bar preg av å vere autentisk

Etter maten gjekk vi på skattejakt, og i ein søt liten oase av ei gate fann vi vår første (og einaste) geocache på turen

Vi rusla ei stund til før vi kjende på trøytten og kom oss tilbake til hotellet for natta.


































