Nokre av ungane fekk prøve seglbåt

Alle fekk prøve brannsløkkingsapparat, til og med eg

![]()
![]() ![]() |
Archive for May, 2011SyslerNokre av ungane fekk prøve seglbåt Alle fekk prøve brannsløkkingsapparat, til og med eg Amsterdam dag 3Ja, og så kjøpte eg meg ein knallgod kaffe Madame Tussaud på Dam Square (som vi ikkje gadd besøke) Vi møttest igjen og Elin tok meg med på ny oppdagingsferd i gatene ho hadde rusla i medan eg var på shopping. Eg tok sjølvsagt uhorveleg mange bilder, og her er nokre av dei. Sykkelskilt, skeivt, sjølvsagt… Kaker (sukkerbomber) som var fine å sjå på, men som ikkje freista litt eingong! Vi åt lunsj på ein argentinsk restaurant der dei hadde gravlys på bordet… Det er ikkje lov å parkere båten her… Ein liten hage på taket av ein båt Etter å ha rusla, rusla, og rusla, rusla eg vidare medan Elin tok ein kvil på hotellet. Eg sette meg på ein trikk og var med heilt til endes. Det viste seg å vere lurt, for då fann eg blomstermarkedet vi skulle besøke før avreise på tirsdag Det vart nok trikking på meg, og eg var i gong att med ruslinga… smalt? Etter å ha rusla meg lei tok eg trikken tilbake til hotellet. Eg fekk slappa av i (veldig) såre føter før vi gjekk til middag i hotellrestauranten. Nok ein fantastisk dag var over, Amsterdam dag 2Sjekk den frukosten! Alt til den nette sum av 70 kroner Vi kjøpte oss trikkekort for 3 døgn Og her startar moroa. Eg er som kjent glad i å ta bilder av detaljar som andre kanskje ikkje legg merke til. Det kjem til å kome fleire slike detaljbilder heretter. Kven kan tolke denne utsmykkinga for meg? Flotte gater å rusle i ein søndag i Mai Fiffig motiv: Ein katt som slikkar nektar av ein bukett peonar Vi stilte oss i kø til Anne Franks hus. Vi stod i kø i 45 min, og køa bak oss berre vaks og vaks. Det var heilt tydeleg at dette var noko fleire turistar ville få med seg – og det skjønar eg! Vi fekk ikkje ta bilder inne i museet, men kort fortalt er det huset Anne Frank og familien bodde i då ho skreiv den kjende dagboka si. Det var veldig sterkt å gå der og sjå, lese om og høyre om korleis dei hadde det medan dei var der, og om korleis liva deira så tragisk enda. Å vite at akkurat der vi stod hadde ein liten familie gøymt seg frå det dei frykta mest, å bli splitta frå kvarandre og uvissa som fylgde med, var ubeskriveleg. Om du nokon gong er i Amsterdam syns eg du skal ta turen innom. Etter runden tok vi oss eit lite mellommåltid på cafèen som høyrde til museet Sykkel og hest og kjerre… typisk for Amsterdam? Huset til Frank-Familien sett frå andre sida av kanalen Sjarmerande kanalar var det overalt… …men ikkje alle tok like godt vare på båtane sine Vi åt middag på ein liten italiensk restaurant, og tru det eller ei – på 4 av 7 bord sat det nordmenn! Det var heilt klart ein tydeleg ein populær restaurant, sjå berre på veggen Etter middag var målet å ta turen innom Van Gogh-museet. Vi brukte ganske lang tid på å gå, for vi måtte innom fleire små, søte butikkar, og ikkje minst ta bilde av alt vi såg vi måtte dele med dei heime. På veg til museet skjønte vi at det var noko stort som skjedde i byen. Folk hadde samla seg i klynger rundt barar og uteplassar, væpna politi og pansra bilar var overalt. Politiet stengde gater og ingen trikkar var å sjå. Vi kom oss inn på museet og gjekk ein liten runde og kika på maleri vi visste Van Gogh og Picasso hadde måla. Ikkje var vi interesserte i meir og ikkje orka vi å gå meir heller. Men vi kan i allefall seie at vi har vore der. Vi oppdaga fleire som var meir opptatt av det som skjedde utanfor museet enn det som var inne, og først då oppdaga vi kvifor det var slik oppstandelse i gatene før vi gjekk inne. Ajax hadde vunne landfinalen i fotball. Pansra bilar, politi og utømmelege mengder med glade nederlenderar Det var ikkje berre vi som var ute med kamera denne dagen, var ikkje dette eit kult motiv så veit ikkje eg! Vi fann oss ein Starbucks og fekk kjøpt oss kaffi Avsindige mengder menneke som drikk avsindige mengder alkohol slepp frå seg avsindige mengder søppel – det skal vere sikkert og visst. Verre grisesti har eg aldri sett før, det var søppel overalt!! Alle slapp søpla rett ned og ingen såg ut til å bry seg om å kaste det i søppelbøtte som stod rett attmed dei, heilt utruleg. Etter å ha blitt lei av hoiing, skrik og skrål fann vi oss ein japansk restaurant som låg i ei stille og roleg gate. Vi åt, som vanleg, kjempegod mat, før vi rusla tilbake til hotellet og tok kvelden. |
![]() ![]()
![]() ![]() ![]() |