Archive for April, 2011


Påskestart

Friday, 22.04.2011

Årets påske starta med ein tur heimheim der vi kosa oss på fisketur i regnet og med saging, kløyving og pakking i ved i strålande solskin. Vi var gode hjelparar i fjøs og på kjøkken, og eg naut nokre dagar utan å vere for opptatt av kameraet mitt.

Heimbygda
Photobucket

Kos med laging av ved
Photobucket

Etter nokre dagar i heimbygda køyrde vi Atlanterhavsvegen til Smøla. I går bar det heimover til litt bypåske med tanteguttbesøk, te-besøk i hagen hos Elin, bytur og geocaching. No skal eg bake meir kanelknutar eg kan kose meg med på altanen i kveld. Nokon som kjem ein tur? Ha ei flott påske vidare alle saman!

Atlanterhavsvegen
Photobucket

Photobucket

Båtvrak sett frå Atlanterhavsvegen
Photobucket

Atlanterhavstunnelen
Photobucket

Photobucket


Endeleg påskeferie!

Friday, 15.04.2011

Onsdag var eg på Solsiden saman med Elin og Nina frå jobb, og vi var ikkje dei einaste som kosa oss i vårvêret…

Photobucket

Sett i eit vindauge…
Photobucket

Photobucket

I går baka eg kanelknutar etter oppskrifta til Helene på jobb, og dei vart knallgode! (Ps. det er snart tomt…)
Photobucket

Siste dag på jobb før påske…
eg feira med kaffe og kanelknute til frukost :)

Photobucket

Og no, endeleg er det påskeferie. 10 dagar fri.
Ei lita evigheit å bruke på kos og lykke :)

God påske alle saman!


Grilling

Monday, 11.04.2011

Eg har vore ute i heile ettermiddag, sykkelen har fått litt frisk luft igjen, Brage har vore på besøk, og vi har leika i hagen. Hagemøblane har kome opp frå kjellaren, og nett som i fjor vart årets grillsesong opna 11. april…

Photobucket

Photobucket