Vi har nett kome heim frå ein finfin fiskeruslekosetur. Planen var å teste fiskelykka ved Billedholmen, ein fin liten holme eg fall for då eg var på sykkeltur i fjor sommar. Trass i at det ikkje var fisk å få, hadde eg ein fantastisk tur! Eg fekk nemleg sett blåveis for første gong :) Ikkje berre ei, ikkje hundre, men tusenar på tusenar! Eg kvein medan eg hoppa frå tue til tue og tok bilder. Å finne blåveis er altså ikkje kvardagskost for ei sunnmørstaus.
Vakkert, vakkert!


Nydelege blåfargar


Ja, og så likte eg så godt denne benken der han stod…

No er påska over for i år. Vi har fyrt i omnen, Henrik har slokna på sofaen og eg skal nyte nokre minutt i Stresslessen før vi skal sjå feriens siste krim, nemleg Poirot: Mord på Orientekspressen!