Archive for March, 2011


Gladmelding

Thursday, 17.03.2011

I går, etter at både elevane og kollegane mine hadde gått heim, sat eg på kontoret og kosa meg med musikk på øyret. Eg bestemde meg for gjere stas på elevane mine i RLE-timen i dag. Det vart til at eg laga tre gladmeldingar til kvar gruppe. Ei til den mest aktive guten, ei til den mest aktive jenta og ei til ein som hadde høyrt på ein viktig beskjed frå meg.

Photobucket

Elevane likte det kjempegodt! Dei som fekk gladmeldinga vart stolte og glade, og dei andre gav dei både applaus og skryt. Ein særs vellykka idé :)


Mandagssysler

Monday, 14.03.2011

Det vart ikkje jobb på meg i dag, så eg har brukt dagen på alt og ingenting. Klokka 8 gav eg klarsignal til arbeidskarane utanfor. Dei held på å isolere og skifte bordkledning på bakveggen, og i dag skulle dei ut med vindauget på badet vårt.

Før
Photobucket

Under
Photobucket

Etter. Djupkarm sa du?
Photobucket

Etter nokre rundar scrabble og ein kopp kaffi, laga eg ei stor svelerøre og henta ned takka mi frå loftet. Eg trudde dei var 6 karar som heldt på ute og laga rikeleg røre. Eg spurde om dei hadde tid til ei pause, men dei hadde visst pause til faste tider… “Sikker? Sveler og kaffi om 10?” 10 minutt etter kom det tre karar luskande inn :)

Photobucket

Photobucket

Karane storkosa seg, og dei flira godt av dei andre på arbeidslaget som ikkje fekk smake på svelene mine :) Formannen føreslo faktisk at eg skulle ta med meg eit campingbord, sveler og kaffi, og lage ei lita bu utanfor ein dag… han lova til og med at om eg ha gjort det skulle dei ha kjøpt til eg var utseld. Artig, artig!

Litt ut på dagen fekk eg så lyst på litt Bragetid at eg bad om å få hente i barnehagen. Brage var sjølvsagt glad for å sjå meg, og då eg lurte på om han ville vere med meg på tur til jobben min for å få boy (oboy/kakao) og sveler, smilte han lurt og sa ja ♥

Då Henrik kom heim gjekk han rett på kjøkkenet og bad meg halde meg unna. Ein liten halvtime seinare fekk eg servert panert torsk, poteter, krema hollandaise-saus med appelsin, og ovnsbakt fennikel og gulrot! Mmmm! Du kan tru eg kosa meg :) For å toppe heile den fantastiske dagen min vart det ein time i boblebad og badstu i Pirbadet!


Iskaffi?

Sunday, 13.03.2011

Ein kopp rykande varm moccakaffe med 5 små kuler vaniljeis i, ordspel og musikk som får meg til å synge (falskt, men dog..)

Photobucket

Ekte søndagsfølelse ♥