Ein skulle kanskje ikkje tru at eg var i live når ein ser kor lenge det er sidan sist eg viste livsteikn her inne. Dagane og kveldane har gått med til førebuing og gjennomføring av kontaktsamtalar, i tillegg til vanleg undervisning og litt trening.

Fredag fekk eg med meg Anna på spelekveld i byen. Vi var først innom ein italiensk restaurant, som skuffa meg veldig. Kven som helst kan klare å lage bedre lasagne enn dei! Fysj!

Utsikt frå restauranten

Etter maten rusla vi bort til Choco Boco Bakklandet for å få oss ein varm kopp kaffi og nokre rundar rummy. Selskapet, drikka og stemninga var det ikkje noko gale med, men neste gong skal eg be dei skrue ned kattejammeret eller bytte plate!



Eg var ikkje heime før nærare halv 10, så du kan skjønne vi kosa oss stort :)
I går var vi på besøk med finaste lille familien i Buvika nokre timar, laga taco og åt medan vi markerte Earth Hour. Og etter maten la eg meg i senga og søv 12 timar! Eg vel å tru at eg trengde det :p