Archive for January, 2011


Dagens produksjon

Sunday, 30.01.2011

Ein kollega av meg på jobb vart pappa for eit par veker sidan, og snille meg har sydd nokre smekker han skal få. Tre av dei er med monster på framsida (barneputetrekk kjøpt på Princess) og alle har ulik bakside (kvit frotté med plast, kvit og blå fleece). Den siste fekk stoff frå lappeteknikk.no, fine badeender på lys blå bakgrunn, med bakside i kvit fleece. To av smekkene fekk namnelappar på :)

Monstersmekker
Photobucket

Alle smekkene fekk to trykk-knappar slik halsåpninga kan justerast
Photobucket

Namnelapp framme
Photobucket

Namnelapp bak
Photobucket

Badeender på blå bakgrunn, med namnelapp på
Photobucket


Namnelappar

Wednesday, 26.01.2011

I dag låg det ein fin liten konvolutt, poststempla i Sverige, i postkassa mi. Brevet var frå Mina namnband, som har laga fine namnelappar med guve på. Lappane skal eg bruke til å merke alt eg syr framover :)

Photobucket

Photobucket


Kveldstur

Wednesday, 26.01.2011

Eg har akkurat kome heim frå ein finfin kveldstur med eit lite knippe av folka på jobb. Eg og Elin snakka om å dra i gong noko sosialt, så eg heiv meg rundt og laga ein lekker invitasjon (i pages) som vi fekk hengt opp på jobb.

Photobucket

På tur oppover mot Estenstadhytta
Photobucket

Koseleg lokale med fyr i peisen og god mat :)
Photobucket

På tur heimover etter eit par timar i sosialt lag
Photobucket

…og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur!