Laurdag stod eg tidleg opp og åt ein deileg frukost, heilt åleine

Eg fekk ikkje bord ved vindauget, men operaen kan ein lett ta bilder av når ein står i heisa på tur oppatt til rommet òg

Etter frukost rusla eg opp Karl Johan. Herleg var det, å gå der før butikkane opna og kaoset starta

Eg rusla i gater eg aldri har rusla i før

Av og til måtte eg kike opp også, fint

Etter litt rusling gjekk eg innom Nespresso Store…

,,,og fekk meg smaksprøve på ein av sesongens smakar, karamell!

Etter enno meir rusling gjekk eg innom Stockfleth’s

Eg kjøpte meg plukkogmix-twist i Freiabutikken :)

Laurdagskvelden kosa vi oss på julebord saman med resten av kollegane til Henrik. Vi fekk god mat og vi kosa oss stort begge to. Søndag stod eg opp slik eg akkurat rakk meg ein liten frukost før dei rydda vekk maten. For ikkje å dele eit bilde veldig likt det av laurdagens frukost…. åt eg opp før eg fann fram kameraet

På gardermoen kjøpte eg meg kaffe med krem og kanel… mmm!

Og der slutta dokumenteringa for den helga. Då vi kom heim la vi frå oss bagasjen og gjekk rett på besøk til Tantegutten. Han (les: vi) trengde sårt litt kos :) Etter besøket diska eg opp den etterlengta middagen med kalvefilet, fløytepoteter, peparsaus og asparges!




















Ser ut som ei herlig helg:) Kos å bo på hotell å berre nyte det! klem
Åh, du har også cocos og lakris som favoritter :-) Du må fortelle meg hvor Freiabutikken ligger, jeg skal til Oslo om to uker, og da vil jeg også snope litt hehe
Hvordan var den italienske varme skjokoladen?
Cecilie: Det var ei fantastisk helg! Hotell er topp :D
Birgitte: DEG var det lenge sidan eg har høyrt frå! Tenkte på deg ein dag, og prøvde å leite opp bloggen din, men fann han ikkje. Kjekt at du la att ein kommentar :)
Freiabutikken ligg blandt butikkane øverst i Karl Johan, på høgre side når du ser mot slottet. Den varme italienske sjokoladen var tjukk og smakte av deileg sjokolade. Ikkje for søt, ikkje for sterk sjokoladesmak. Italieneren vi hadde med oss kunne fortelle at det er slik dei lagar det i Italia. Du burde prøve :)
Restauranten med den varme sjokoladen ligg eit par buss-stopp frå Pascal, dersom du veit kvar det er… (Ta gjerne turen innom Pascal og fortel meg så om det er like bra som eg har sett for meg at det er!) :D
[...] Nattversjon av fjorårets bilde [...]